Fiskekort

Bømlo har mange ferskvatn. I dei fleste er det aure og nokre har også røye. Du må kjøpa fiskekort hjå grunneigar for å fiska i ferskvatn, men det koster ikkje mykje.

I Bømlo er det organisert sal av fiskekort i Storavatnet, Erslandsvatnet og Bergesvatnet.

For fiske i Storavatnet kan du ta kontakt med Storavatnet Fiskelag v/Lars Økland.

For fiske i Erslandsvatnet kan du ta kontakt med grunneigarlaget v/Leif Ersland.

Fiskekort til Bergesvatnet kan kjøpast på Best bensinstasjon i Langevåg

Problemplanta vasspest Elodea canadensis er funnen i Erslandsvatnet og Bergesvatnet på Bømlo. For å unngå spreiing til andre vassdrag, må det takast ekstra omsyn!

Les meir om vasspest her

Skal du fiska etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag eller med fastståande reiskap i sjøen, må du betala statleg fiskaravgift. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskaravgift.

Les meir om statleg fiskaravgift her

Til toppen