Utsleppsløyve mindre anlegg

Dersom du vil ha innlagt vatn i bygningen din, så må du i dei fleste tilfella søkja byggjesaksavdelinga om utsleppsløyve. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

 Du må også søkja om utsleppsløyve når du skal:

  • auka eit eksisterande utslepp
  • endra type utslepp eller utsleppsstad
  • oppgradera eller rehabilitera anlegget ditt

Du treng som regel løyve både etter plan- og bygningslova og etter forureiningslova for å etablera avlaupsanlegget ditt.

Du treng ikkje å søkja når du berre skal vedlikehalda anlegget ditt. Du treng heller ikkje noko eige utsleppsløyve dersom du kan kopla deg til offentleg avlaupsleidning. Dette må likevel avklarast gjennom ein byggjesøknad.

Til toppen