Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferje

Bømlo er ein øykommune, og me må derfor pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode, grunna veret eller andre årsaker.

Hovudvegane og ferjesamband i kommunen er det Vestland fylkeskommune som er ansvarleg for, og dei har eigne planar for å handtera heil eller delvis isolasjon av Bømlo.

Bømlo er ein øykommune, og derfor må me pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode.

Kommunen har i beredskapsplanverket tatt høgd for heil eller delvis isolasjon, men innbyggjarane kan likevel ikkje rekna med at det offentlege (stat, fylke, kommune, nødetatar) skal kunne løysa alle utfordringar for kvar einskild under ekstraordinære forhold.

Det er difor viktig at innbyggjarane gjer tiltak sjølv, som til dømes:

  • Er det meldt utfordrande ver, kan du følgja med på vermeldingane.
  • Har du stor bil eller hengar / campingvogn må du vurdera om vindforhalda er slik at du ikkje bør køyra over bruene i Trekantsambandet. (No er vindmålaren på Bømlabrua ute av drift. Følg med på vinden på yr.no)
  • Ha nok drivstoff eller straum på bilen dersom du kan risikera å bli ståande i vente-kø.
  • Aktiver trafikkmeldingsfunksjon i bilen, og still inn funksjonen til å bryta inn med trafikkmeldingar i sendingar eller når du høyrer på musikk.
  • Hald deg oppdatert via div. varslingsfunksjonar (sjå under), som t.d. vegtrafikkapp, sms varslar for ferje- og vegstrekninger, X-meldingar (tidlegare Twitter).

Hald deg oppdatert via varslingsfunksjonar

Vegtrafikkapp

I Vegvesen Trafikk-appen kan du få varsel om område du har lagra i dine favorittar. Du teiknar eit område i kartet, lagrar dette og skrur på varsel.
Du kan også planleggja og sjå reiseruter. I kartet kan du sjå trafikkmeldingar, opplysningar om kvar du finn på dei enkelte pauseplassane, og informasjon frå webkamera.
Last ned Statens vegvesen sin vegtrafikkapp      

Påmelding for sms-varslar

Vegvesenet har teneste for sms-varslar. For påmelding om varsel for Bømlabrua og Stordbrua, send sms med BOMLABRUA og STORDABRUA til 2282.
Ønskjer du varsel for andre strekningar:
Oversikt over kodeorda du må lasta ned

Meld deg av og på fleire strekningar

Meld deg av og på fleire strekningar på stix.no, og få oversikt over kva strekningar du er påmeldt.
Logg deg inn via Stix

Annan nyttig informasjon

Du kan få nyttig informasjon om stengde vegar og ferje frå Statens vegvesen, politiet og Fjord1:

Varslingstenesta varsom.no

Varsom-plattforma består av varslingstenester, fagkunnskap og systemer.​ Målet med Varsom er å hindra tap av liv og verdiar knytta til snøskred, flom, jordskred, fjellskred og isforhold i Norge.

Sjekk varsom.no

Illustrasjon av skilt med tekst vegen stengt - Klikk for stort bileteIllustrasjon av skilt
Til toppen