Skal me bevara må me endra

Korleis bør framtidas helse og omgsorgstenester i Bømlo vera? Dette har vore tema på mange møter i haust.

Kommunedelplan HSO 2023-2033 har ein handlingsplan for 2023-2024 med 60 ulike punkt. Arbeidet med oppfølging av punkta er «i rute», og det er til dømes igangsett arbeid innanfor desse tema:

  • rask psykisk helsehjelp
  • tenestetilbod til personar med demens og deira pårørande
  • tenestetilbod til personar med utviklingshemming/-forstyrringar
  • kapasitet, struktur og innhald i framtidas sjukeheimstilbod

Over nyttår blir det i tillegg igangsett arbeid med tema friskliv/ førebygging og tilrettelegging av eigen bustad, samt ei vidareføring av arbeid med «Omsorg pluss»- tilbod. Våren 2024 vil det bli lagt fram ulike rapportar frå arbeidet.

Her kan du lesa meir:

God plan for å møta helseutfordringane framover

- Grip sjansen til omstilling

Kommunedelplanar, temaplanar og strategiar - Bømlo kommune


 

Til toppen