Tenk om all straumen forsvinn i ei veke

Kor godt førebudd er du om all straum fell bort i ei veke der både telefoni- og internettlinjer er heilt nede? Fullstendig straumutfall var utfordringa då Bømlo kommune saman med Finnås kraftlag og BVA gjennomførte eit arbeidsmøte om beredskap nyleg.

folk i sal ser på presentasjon storskjerm - Klikk for stort bileteArbeidsmøte om beredskap for kommunale tenester, BVA og Finnås kraftlag. Simon Knutsson Sortland

- Me har gode planar, men me kan ikkje planlegga for alt. Det er viktig å oppdatera planverket vårt, men me må ikkje bli mørkeredde, oppsummerte kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Han peika på at me gjennom pandemien og større brannar, som på Aga i fjor sommar, har synt at me taklar større og krevjande hendingar. 

- I staden for å gjennomføra ei beredskapsøving valde me denne gongen eit arbeidsmøte for å identifisera kva konsekvensar fullstendig og delvis straumutfall vil ha, og me tok høgd for absolutt «verst tenkjeleg». Målet var å identifisera konsekvensar for tenestene i kommunen og generelt i Bømlosamfunnet som følgje av straumutfall. Dei vil vera mange og til dels store, men med noko ulike konsekvensar alt etter årstid, fortel rådgjevar beredskap- og kvalitetsarbeid Bente Ovesen. 

Er tenesteområdet ditt førebudd på dette? Det var spørsmålet alle seksjonane innan oppvekst, helse og samfunnsutvikling, samt brann og redning, teknisk drift og IKT frå kommunen måtte ta stilling til. Saman med Finnås kraftlag/Bømlo kraftnett og BVA hadde dei på førehand lista opp sine utfordringar og moglege risikoreduserande tiltak. Etter alle presentasjonane var det ei økt med å utarbeida ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).

- Må ha folk på jobb

- Om me må stenga skular og barnehagar vil viktige ressurspersonar måtte vere heime for å ta seg av borna, og det er ei utfordring, påpeika kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

- Me må ha folk på jobb. Det kan bli store utfordringar med mellom anna prioritering, logistikk og tilgang til oppdaterte pasientjournalar i eit slikt scenario, seier rådgjevar helse Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm. 
Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland orienterte om planar og utstyr teknisk drift rår over. – Det vil bli ei streng prioritering av utstyr, slo ho fast. 

- Eigenberedskap avgjerande

Eit viktig spørsmål alle bør stilla seg er om min heim er førebudd på ei veke utan straum. 

- Kor lenge straumen blir vekke kjem an på kvar feilen ligg, om det er nasjonalt, regionalt eller lokalt. Me har planar og noko backup for straum, men hovudregelen er at alle bør ha ein eigenberedskap og må kunne syta for seg sjølv ein periode. Det gjeld både private og næringsliv, understreka administrerande direktør Tor Bjarne Smedsrud i Finnås kraftlag. 

- Årstida vil vere ein avgjerande faktor for BVA, men me skal klara å levere vatn til folk nærast uansett, seier dagleg leiar Audun Halleraker. Må me rasjonera blir me nødt til å sjå på kven me har leveringsplikt til. Utfordringane vil mest truleg bli størst innan avløp der avløpsstasjonar kan gå på overløp og resultere i lokal forureining. Ved eit totalt straumutfall vil også vassforbruket minska, påpeika han.

- Me mobiliserer kjapt for så å skalera opp om naudsynt. I dag krev publikum informasjon kjapt og i alle mediekanalar, men kva om alle desse fell ut? Korleis får me då ut informasjon til og mellom tenestene våre og publikum? Er tenesteområdet ditt førebudd på dette? Det er difor viktig å ha slike samlingar som i dag for å samsnakkast og samkøyra planverk, påpeika kommunedirektøren.

- Sjølv om det me øver på sjeldan spelar seg ut nett slik i det verkelege liv, er det viktig å ha flest mogleg øvingar på flest mogleg ulike scenario. Då står me betre rusta den dagen noko skjer. Å tenkja eigenberedskap og kva ulike scenario me kan bli utsett for er ei viktig øving i seg sjølv, både for private, kommune og næringsliv. Dette var ei særs godt førebudd samling, seier ordførar Morten Helland. Han deltok frå politisk hald saman med varaordførar Ragnfrid Sønstabø.

Les meir om Eigenberedskap - Bømlo kommune

Til toppen