Verda vi lever i, blir stadig meir uroleg, mellom anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at vi kan bli ramma av ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasjar og – i verste fall – krigshandlingar. Slike hendingar kan gi store konsekvensar.
Straumbrot kan til dømes gjere at du mister vatnet i springen, at du ikkje får laga mat slik du er van med, og at
kloakksystemet, betalingsløysingar, Internett og mobiltelefon ikkje fungerer som normalt.
Bømlo er ein øykommune, og det må derfor påreknast at kommunen kan bli heilt eller delvis isolert i ein periode. I samband med dette kan kvar einskild innhente informasjon. Les meir om å vera førebudd og korleis du kan halda deg orientert. Hugs også å aktivera trafikkmeldingar på radioen i bilen.
Styrk eigenberedskapen din!
Kor lenge klarar du deg i ein krise?
Èin time?
Fem timar?
Èitt døgn?
Èi veke?
Ein månad?
Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? Eigenberedskap inneber å vere førebudd på slike situasjonar.
Norske styresmakter anbefaler at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Dette fordi kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei vi har rundt oss, vil det styrkje det norske totalforsvaret – altså summen av samfunnsressursane for å førebyggje og handtere krise og krig. Ved ei krise som rammar store delar av samfunnet, kan det ta tid før alt virker som normalt igjen., og derfor er det viktig at kvar einskild har eigenberedskap.
Kva bør du ha planlagt for og kva bør du ha i hus?
Brosjyre om eigenberedskap frå DSB (PDF, 16 MB)
Informasjon og gode råd for eigen beredskap finn du på nettsida "Sikker hverdag"
Eigenberedskapslager. Foto: DSBHer finn du m.a. informasjon om