Utlegging av takstar eigedomsskatt for 2024

Eigedomsskattelista for Bømlo kommune vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i ein månad rekna frå 1. mars 2024. 

I medhald av eigedomsskattelova §15 vert eigedomsskattelista for Bømlo kommune lagt ut til offentleg gjennomsyn i ein månad rekna frå 1. mars 2024. For skatteåret 2024 har kommunestyret vedteke å leggja til grunn Skatteetaten sitt formuegrunnlag for alle bustadeigedomar som har slikt grunnlag. Alle andre eigedomar er taksert i samsvar med vedtekne rammer og retningslinjer for taksering. Skattesetel er sendt ut elektronisk via SvarUt. 

Skriftleg klage

Klage skal vera skriftleg, grunngjeven og innehalda gardsnummer og bruksnummer. Klage skal sendast til Bømlo kommune, Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller via klageskjema. Skattelistene er å finna i kundetorget på rådhuset og her Skattelister eigedomsskatt i Bømlo kommune

NB: Det er oppdaga at nokre av dei utsendte skattesetlane for eigedomar med bustadverdi har feil utrekna årleg skatt. Feilen er no retta opp i og me sender no ut retta skattesetel til alle eigedomar som har bustadverdi. 

Klagefristen er 12. april 2024

Til toppen