• Hending

Ungdomsrådet

Dato

Onsdag 22. oktober 2025

Tidspunkt

kl. 10:00 - 12:00

Stad

Formannskapssalen - Rådhuset

Innkalling til møte i Bømlo ungdomsråd (BUR) 22.10.2025  kl. 10:00 i Formannskapssalen.

Innkallinga gjeld som innkalling både for medlemmer og ikkje medlemmer.

Inngong ved Jernia er open og skal brukast som inngong.

Sjå nettsida til Bømlo ungdomsråd

SAKSLISTE

1.      Konstituering av Bømlo ungdomsråd 2025/2026

2.      Helsing i frå ordførar Morten Helland

3.      Forventningar til arbeidet i ungdomsrådet

Kva forventningar har du til arbeidet i ungdomsrådet?

Kva ønskjer du å jobba for?

Kva ønskjer og kan du bidra med?

Kva forventningar har du til dei andre?

Kva vil du oppnå?

4.      Presentasjon av «laget rund Bømlo ungdomsråd», oppgåvene og forventningane deira

5.      Innføring i arbeidsoppdraget og arbeidsoppgåvene til BUR

6.      Rammer rundt arbeidet- juridisk og praktisk  

Kommunelova

Reglementet til Bømlo ungdomsråd

Verdidokumentet frå Moster

First Agenda  - kva er det, korleis fungerer det - innkalling og protokoll

Fråver, godtgjering etc.

7.      Utarbeiding av eit Samarbeidsdokument for 2025/2026

8.      Kommunebudsjettet for 2026

Kommunaldirektør Kjetil Aga Gjøsæter informerer om korleis Bømlo jobbar med budsjett og viktige punkt i budsjettforslaget for 2026 som vedkjem barn og unge.

Arbeid med kva saker det kan vera viktig at ungdomsrådet ønskje å uttale seg om når det gjeld kommunebudsjettet.

9.      Arbeidsprogram/møteprogram for skuleåret

Årsplan – forslag ligg ved

Mål for arbeidet i BUR 2025/2026

Deltakarar til ulike arbeidsgrupper kor BUR representerer ungdommane sine interesser i kommunale plan- og prosjektarbeid

10.  Fokusgrupper/arbeidsgrupper

Innføring i kvifor arbeidet er organisert i fokus-/arbeidsgrupper

Innhald/målsetjingar/aksjonar  - tilbakeblikk på 2024/2025 og planlegging framover

Struktur – Oppgåvene og ansvaret til leiar/nestleiar, medlemmer og ressurspersonar 

11.  Spørsmål og interpellasjonar

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Bømlo Kommune

Om staden

Namn

Formannskapssalen - Rådhuset