Ludvig og Karl Magnus held appell på vegne av Bømlo ungdomsråd
Johanne Kristiansen
Ordet fangar også når det er snakk om identitet. Me i ungdomsrådet synest det bør vera ein sjølvfølge at alle skal få elska den dei vil og kunne vera seg sjølve utan å bli møtt med hat. Difor er det utruleg viktig med synlege arrangement som Bømlapride, altså arrangement som løfter fellesskap, inkludering og ikkje minst akseptering. Akseptering handlar ikkje om at me alle er like, men at me er ulike, og det skal ein kunna vera stolt øve.
Mange barn og unge er usikre på kven dei er og kvar dei passar inn. Og når ein føler seg annleis, kan det vera lett å trekkja seg unna og kjenna seg åleine. Då betyr det faktisk mykje å sjå eit Prideflagg eller eit arrangement som dette. Det er ikkje berre eit flagg, det er eit teikn på at du er velkommen, at du ikkje er åleine, og at det finns folk som backar deg.
Og til alle foreldre og vaksne som møter opp og støttar, det betyr seriøst meir enn de trur. Tenk på eit barn på ein skule her på Bømlo som kanskje går rundt og er usikker på kven dei er. Kanskje dei ikkje tør å komma ut til nokon, som sikkert er veldig skummelt spesielt på ein skule her på Bømlo. Men så ser dei ein lærar, eller ein vaksen dei kjenner, stå opp for Pride og visa støtte. Det kan vera akkurat det som skal til for at dei kjenner seg litt tryggare. Kanskje trygg nok til å opna seg, eller til og med komma ut til den personen. Det viser kor mykje makt det ligg i små handlingar og det å berre visa at ein bryr seg.
Det handlar eigentleg om kva slags samfunn me vil ha her på Bømlo. Vil me ha eit samfunn der folk må halda tilbake kven dei er, eller eit der folk kan vera seg sjølve fullt ut? For mange av oss er dette kanskje lett å ta for gitt, men for andre kan det vera ein kamp kvar einaste dag enten da e heima, på skulen i vennegjengen. Derfor må me visa, igjen og igjen, at her er det plass til alle. Ikkje berre med ord, men med handlingar. Noter detta ned bømlo nytt: me må visa at da som er kult er ikkje å skrike homo i gångane på skulen som skjellsord, da som er kult, er å gå i pridetog med flotte folk og stå opp for mangfold, inkludering og likeverd.
Me i Bømlo ungdomsråd er også skikkeleg stolte av Ordet fangar prosjektet. Spesielt no rundt pride blir det ekstra viktig å hugsa på kor mykje ord faktisk betyr. For sjølv om pride handlar om feiring, så handlar det også om å stå opp mot hat og negative haldningar som framleis finst. Derfor vill me i ungdomsrådet gjerne komma med ein oppfordring. Om ein møter hat på sosiale medier, skriv #ordetfangar. Det kan vera eit verktøy, ein måte å minna oss sjølve og andre på at me kan velja kva me seier. Me kan velja å ikkje spre hat, men heller visa støtte, respekt og inkludering. For kvar gong me gjer det, er me med på å skapa eit tryggare miljø for dei som kanskje treng det aller mest.
Til slutt handlar dette om noko ganske enkelt: respekt. Men sjølv om det høyrest enkelt ut, er det noko me må jobba med heile tida. Me treng Pride for å bli minna på det, og for å visa at det faktisk er plass til alle her. Ingen skal måtta skjula seg eller vera redd for å bli hata. Så la oss vera dei som står opp, dei som seier ifrå, og dei som løftar kvarandre opp. La oss feira mangfaldet, og skapa eit samfunn der alle kan vera stolte av seg sjølve.
Noter detea ned Bømlo-Nytt: me må visa at da som er kult er ikkje å skrike homo i gangane på skulen som skjellsord, da som er kult, er å gå i Pridetog med flotte folk og stå opp for mangfald, inkludering og likeverd.
Karl Magnus og Ludvig
Johanne Kristiansen
For Bømlo ungdomsråd
Karl Magnus Tollaksvik og Ludvig Stølen Bøe