Alt i eitt app frå Skyss

Skyss lanserte ein ny app 9. mars. Appen gjer det enklare å planleggja reisa og kjøpa billett på same stad. Endringa gjeld for alle som reiser med buss, båt eller bybane i Vestland.
 

illustrert dame i app - Klikk for stort bileteForklaringsvideo til bruk av ny Skyss-app. skjermdump skyss.no

Den nye appen heiter Skyss og erstattar tre eldre appar. Du kan bruka ho til å:

  • sjå rutetider
  • planleggja reisa
  • kjøpa billett
  • bestilla bestillingsbuss der dette finst

Har du den gamle appen Skyss Reise, vil ho bli oppdatert automatisk når den nye appen kjem. Har du billett i Skyss Billett, kan du bruka denne til billetten går ut. Du kan ikkje flytta billettar eller reiserabatt frå dei gamle appane til den nye.

Skyss Bestilling vil framleis fungera ei stund, slik at du kan velja den appen du kjenner frå før.

Har du iPhone, kan du lasta ned appen sjølv i App Store.

Treng du hjelp?

Det er heilt vanleg å trenga litt støtte når noko nytt kjem. Du kan be familie og venertil å hjelpa deg i gang, eller lære meir på skyss.no/app

På døra veke 13 (PDF, 955 kB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 13 i informasjonsskrivet På døra er den nye appen til Skyss. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 23.-29. mars 2026.