Atheno på Bømlo 8. april

Atheno AS er Bømlo kommune sin samarbeidspartnar innan næring. Onsdag 8. april vil Atheno ha ny kontordag på kommunehuset på Svortland.

hus med telemaster på taket - Klikk for stort bileteBømlo rådhus inngang kundetorg. Simon Knutsson Sortland

I Atheno arbeider ein med forretningsutvikling knytt til selskap i etableringsfasa, unge bedrifter og etablerte bedrifter. Atheno sine tilsette har lang erfaring i å rådgje bedrifter for å sikre trygg og god drift. Atheno spelar også på lag med andre aktørar i verkemiddelapparatet for å kunne gje kvar einskild bedrift best mogleg oppfølging og rådgjeving.

Ta kontakt med reidun@atheno.no om du bur på Bømlo og ynskjer ein uforpliktande samtale knytt til ein ide eller forretningsutvikling for di bedrift, så avtalar me eit tidspunkt for møte.