Gode råd ved nyoppståtte luftvegssymptom
Det viktigaste er å redusere smitte til personar som har høgare risiko for å bli alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar. Personar i risikogruppene må sjølv vurdere behovet for sosiale aktivitetar opp mot risiko for smitte i periodar med mykje luftvegsinfeksjonar i befolkninga. Friske personar som opplever nyoppståtte luftvegssymptom bør unngå unødig kontakt med personar med risiko.
Følg desse enkle råda om du har sjukdomsteikn frå luftvegane:
• Hald deg heime dersom du føler deg sjuk eller har feber.
• Bruk munnbind dersom du må opphalde deg nær andre.
• Hald avstand – unngå klemmar og handtrykk.
• Vask hendene grundig med såpe og vatn, spesielt før måltid og etter toalettbesøk.
• Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
• Host i albogekroken eller i eit papirtørkle som du kastar etterpå.
Eigenpleie dersom du blir sjuk
Dei fleste luftvegsinfeksjonar går over av seg sjølv, men det er nokre grep du kan ta for å betre formen:
• Drikk rikeleg med væske.
• Ligg gjerne med hovudet høgt – dette kan lette på pusten.
• Kontakt lege dersom du mistenker at du har ein bakterieinfeksjon som treng behandling.
• Hugs at antibiotika ikkje hjelper mot virusinfeksjonar som influensa.