Avlyser flagging grunna stormen "Dave"
Første påskedag er offisiell flaggdag men grunna stormvarselet i samband med uveret “Dave” kjem kommunen ikkje til å heise flagg på kommunale flaggstenger søndag 5. april.
Bilete frå stormen Amy som velta fleire tre, som her i Rekkje.
Driftsavdelinga Bømlo kommune
Med varsel om vindkast over 30 ms finn kommunen det ikkje forsvarleg å flagga denne dagen. Både av omsyn til flaggliner og flagg som kan ryke, men først og fremst for at teknisk drift prioriterer beredskap på å kunna rykka ut på ryddeoppdrag som til dømes trevelt over veg og liknande.
Følg med på varsel
Bømlo kommune oppmodar publikum til å følgja med på vervarsel og andre varsel for å trygga seg sjølv og sine eigedomar.
Sjå Hald deg oppdatert om stengde vegar
Sjå også Slik forbereder du deg på storm - DSB