Kommunepsykolog Øyvind Johnsen tok mellom anna opp vårt tilhøve med kvarandre når "skjermen" får stor plass i liva våre.
Simon Knutsson Sortland
Det var kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen og kommunepsykolog Øyvind Johnsen som innleia med tema Barn og skjermbruk - førebyggja sjukdom og fremje helse på gruppenivå. Gymsalen var nær fullsatt av elevane sine føresette og spørsmålsrunden i etterkant av føredraget synte stort engasjement i gruppa.
Kommuneoverlegen og kommunepsykologen har siste året reist rundt til fleire skular og barnehagar med bodskapen sin. - Me har laga eit føredrag me opplever blir godt motteke, seier Halvorsen. Me har ikkje behøvd å reklamere for opplegget, då ryktet om føredraga har spreidd seg. Det er kjekt. Me opplever verkeleg at foreldra ynskjer å høyre på det me har å formidla.
Etter ei grundig innføring i korleis ein definerer skjermbruk (mobil, pc, ipad, tv o.l) og kva som blir rekna som skjermtid synte kommuneoverlegen til Ungdataundersøkinga 2024 som fortel oss at skuleelevar i Bømlo har meir skjermtid enn landssnittet, både på grunnskule, ungdoms- og vidaregåande skule.
Potensielle farer
Kva er så potensielle helsefarer med usunn skjermbruk? Det fører definitivt til mindre fysisk aktivitet. I tillegg kan ein oppleva meir stress, dårlegare søvn og det kan forstyrra matreguleringa.
Lyset frå skjerm kan påverka døgnrytmen vår. Skjermtid kan direkte erstatta, forsinka eller forstyrra sovetida. Berre det å ha mobilen på soverommet kan medverka til dette. Slik forstyrring av søvn kan mellom anna bidra til auka fedme og redusert immunforsvar.
- Forsking gjer oss ikkje svar på alt me lurar på. Teknologien utviklar seg rett og slett snarare enn me klarar å følgje opp med forsking, og det vil ta fleire år før me veit meir. Sånn sett utset me borna våre for eit stort eksperiment ved å plassera dei framfor nettbrett og mobil, seier kommuneoverlegen. Mykje av forskninga syner likevel det som vert presentert på møtet i dag, at det finst potensielle skadelege konsekvensar.
Johnsen fortel også at sosiale medier kan vere veldig uheldig spesielt for born og unge. Eit funn er at det er meir skadeleg for born då dei ikkje har utvikla kritisk sans enno, og det dei ser og opplever kan verte forsterka. Konsekvensen av sosiale medier er at både unge og vaksne får dårlegare sjølvbilete. Eksempelvis veit me at unge kjøper meir frå nett, då dei hyppig vert utsett for lokkande bilete.
- Det er jo det sosiale medier er, ein diger reklameplakat, illustrerte kommunepsykolog Øyvind Johnsen.
- Ser du på fjernsyn eller sit med mobil eller nettbrett medan du et er det lettare for at du ikkje kjenner når du er mett, og slik et for mykje. Andre gløymer kanskje å eta når dei vert distrahert av skjermen. I tillegg gjer ur-instinkta våre slik at mat me ser på skjermen kan gi oss sug etter å få dette i oss. Urmennesket opplevde aldri slik tilgang til mat som me gjer i dagens samfunn, forklarte kommuneoverlegen. Det er veldig viktig å vere obs på slike fenomen slik at me kan gjere betre val for oss sjølv og borna våre.
Biletcollage om korleis liva våre kan vere utan skjerm.
Simon Knutsson Sortland
Vær gode førebilete
- Born er avhengige av at vaksne set seg inn i deira utfordringar og problem for å rettleia dei til å ta rette og viktige val. Dei gjer ikkje som me seier, men som me gjer. Difor må me foreldre vere gode førebilete for barna våre, påpeika Halvorsen.
Me må tørre å vera foreldre og syne grenser, fortel dei i foreldremøtet.
Johnsen understreka at grensesetjing er noko som må lærast gjennom praksis. Han forklarte fordeler og ulemper med ulike foreldrestiler som den overinvolverte, den autoritære, den ettergivande, den uinvolverte og den autoritative.
- Den beste er nok den autoritative der du set klare rammer og forventningar, samstundes du gir masse kjærleik og omsorg. Du forklarar i dialog med barnet kvifor det må vere slik, og høyrer på deira innspel. Dette gjer barnet eit betre utgangspunkt og betre rusta til å takla utfordringar seinare i livet, seier kommunepsykologen.
Han trøysta foreldra med at ingen gjer alt rett heile tida. Born har også godt av å erfara at folk kan gjere feil. - Det er ingen som er perfekte foreldre. Det handlar om å vere god nok.