Bli med i frivilligheita?

Å gjera noko for andre gjer noko med deg.

dameansikt på plakat - Klikk for stort bileteFrivillighet Norge vil ha deg med.

Kva er frivilligheit?

Det finst omlag 100 000 lag og foreiningar i Noreg. Dei driv med alt frå idrett og kultur til humanitært arbeid og aktivitetar i lokalmiljøet. Det dei har til felles er at dei er drivne av frivillige som ønskjer å bidra til hjartesaka si.

Kvifor bli frivillig?

  • Du gjer noko godt for deg
  • Du held deg aktiv
  • Du får eit sosialt nettverk
  • Du er nyttig og gjer ein forskjell
  • Du deler din kompetanse og erfaring

Korleis blir eg frivillig?

Ein enkel måte å komma i gang på er å bruka nettsida Frivillig.no.

Der kan du:

  • Søkja på kommunen eller området du bur i
  • Sjå kva for oppdrag eller aktiviteter du kan delta i
  • Velgje noko som passar for deg, anten du likar å gå tur, hjelpe barn og unge, vere med på eit kulturarrangement eller bidra i eit lokallag.

Når du har funne noko du er nysgjerrig på, fyller du ut eit enkelt skjema nedst på sida. Organisasjonen tek deretter kontakt med deg for ein uforpliktande prat. Det kostar ingenting og du bind deg ikkje til noko.

Fakta om Frivillig.no:

Frivillig.no er ei digital oppslagstavle for frivillige oppdrag. Frivillighet Norge driv denne sida.

På døra veke 9 - Frivillighet for alle (PDF, 2 MB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bilete

Om prosjektet På døra

Tema i veke 9 i informasjonsskrivet På døra er Frivillighet Norge. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.