”Buorre beaivi” på Våge skule

Våge skule var omgjort til samisk handverkstad og uteplassen ved Bømlo folkehøgskule var arena for lavvo, lassokasting og den tradisjonsrike matretten bidus då dei saman med Friluftsrådet Vest arrangerte samiske dagar for barneskulen 11. og 12. februar i strålande solskin.

gut rører i kjøt på bålpanne - Klikk for stort bileteJacob Andersen i 7. klasse har ansvar for å bruna kjøtet til bidus, ei tradisjonell nordsamisk suppe eller gryterett. Simon Knutsson Sortland

Elevane frå 1. til 7. trinn var delt opp i tre grupper med ein dag i “sameleiren” ved folkehøgskulen og ein dag på Våge skule med tradisjonsrikt handverk, quizløype og eventyr. Lavvoen vart sett opp med kyndig hjelp frå Rune Westre i Friluftsrådet Vest og lærarane ved skulen. 

Populært dagsopplegg

- Me startar med å setje opp og innreie lavvoen, hogger greiner/kvister og legg kvister i botnen av lavvoen før me dekkjer til med reinskinn. Vi tek med lavvoar og skinn, fortel Westre. Samiske dagar er eit dagsopplegg Friluftsrådet Vest tilbyr alle skulane i medlemskommunane.

Etter at elevane med rettleiing frå Westre og lærar for 6. klassen, Gunnar Innvær, hadde sett opp lavvoen var det tid for å eta medbrakt niste. Innvær og Westre fyrte opp bålpanna medan andre lærarar kom med ingrediensane som trengst for å førebu bidus - ei tradisjonell nordsamisk suppe eller gryterett, ofte laga med reinsdyrkjøt, poteter, lauk og nokre gongar gulrot.

- Høyr etter, no skal me dele dykk inn i tre grupper, ropar Innvær ut. Elevane samlar seg etterkvart rundt han, og dei vert delt inn i tre grupper. Gruppe ein tok Westre seg av då dei skulle læra og øva seg på lassokasting på reinsdyret Rudolf (eit utstoppa reinsdyrhovud). Innvær leia gruppe to som hadde Sami duodji, som betyr husflid, og laga til ein sameleir i miniatyr med lavvo, reinsdyr, samar, gjerde med meire av naturmateriale. Hjelpemidlar var ullgarn, snøre, sakser, knivar og tøystoff m.m. Den tredje gruppa fekk ansvaret for å førebu bidus. Dei kutta opp grønsaker, kløyvde ved til bålet og satte deig til klappbrød. Lærarane Marit Juell Lodden, Kristin Ø. Løkling og miljøarbeidar Monica Vold hadde ansvar for sine grupper.

Alle får prøva alt

Gruppene alternerte slik at alle elevane fekk prøva seg på lassoskasting, samisk kokkelering og Sami duodji. Sigrid Soltveit Digernes, Loke Notland Myrold og Casper Husa Tollaksvik forklate ivrig om opplegget. - Me er liksom samar, me samlar greiner og sette opp lavvoen. Jobba litt med pinnar, og har høyrt om tradisjonar. Ikkje lov å stå inne i lavvoen. Dei hadde stua, kjøken og soverom i ulike områder av lavvoen.

Borte i sami duodji sit Ella Waage og Olivia Løkling Pettersen. Dei strevar litt med å laga lavvo i miniatyr. - Der, utrbryt Ella og kan stolt syna fram ein flott lavvo i miniatyr, laga av pinnar, tråd og eit tøystykke.

Gutten i røyken var Jacob Andersen. 7. klassingen hadde ansvar for å bruna kjøtet, ei oppgåve han satte pris på. 

Dagen vart avslutta med samling og nyting av Bidus, den nordsamiske «nasjonalretten» som blir servert til festlege høve i Sápmi.

Samiske eventyr og søljer

to elevar har håndarbeid og brukar limpistolar - Klikk for stort bileteElevane Sara Shoba Mæland og Pius Brundza i djup konsentrasjon med limpistolane i sami duodji der oppgåvene var å laga samiske søljer. Simon Knutsson Sortland

Oppe ved skulen var resten av elevane samla. Nokon var ute i turløype og hadde faktaquiz om samar. Andre fekk høyra samiske forteljingar og læra om joik og samisk kultur. Den siste gruppa hadde sami duodji der oppgåvene var å laga samiske søljer og klipp og lim frå ukeblad til å laga det samiske flagget. - Det er så mykje smått her, så må vere litt nøyen, forklarar Pius Brundza i 7. klasse med limpistolen heva og klar. Rundt bordet sit også Sara Shoba Mæland, Leon Nedrebø Myhre og Mina Sele i djup konsentrasjon. Lærar Magnhild K. Turøy og vikar Marit Flokenes peikar på veggen der det heng bilete av samar dei har fargelagt, fletta livbånd og på bordet der alle dei ferdige søljene er utstilt. 

I brakka gjekk praten livleg blant klipp og lim-gjengen. Ved hjørnebordet var elevane Marta Nesse Emmerhoff (2. klasse), Andrea Hovland (2. klasse), Enea Våge Thorsen (7), Dennis Helle Steinsbø (4.) og Kevin Thormodsæter (3.) travelt opptekne. - Sjå der, ei naken dama i badekaret, utbryt ei. Dei andre ler, nei, ho er no tildekka av badeskum. 

- Me har lært mykje, og no skal me laga det samiske flagget. Det har mange veldig fine fargar. Og veit du, samane kallar bunad for kofte, fortel 2. klassingen Andrea Hovland.

- Dette er eit veldig bra opplegg. Elevane er svært engasjerte. Det er kjekt å sjå at elevane kan sjå og lære av kvarandre på tvers av klassestega frå første til sjuande. Dette burde me gjere oftare, meiner lærar Monica Tveit Sæverud.

- Med dette fantastiske vêret vert det enno betre, og denne gjengen gledar seg til å få vere i sameleiren i morgon, fortel lærar Randi S. Flokenes. Ho forklarar at bakgrunnen for at skulen gjer dette er at fekk kontakt med Friluftsrådet Vest, og syns opplegget dei kunne tilby om Samisk tema var spennande. 

- Me ynskte å ha meir fokus på uteskule, og her fekk me bruka to heile dagar til dette. I tillegg opplevde me det som svært positivt å ha grupper på tvers av klassane der dei store fekk ta ansvar og dei små fekk læra mykje i lag med dei store., fortel Flokenes.

Samisk kultur

Bidus er ei tradisjonell nordsamisk suppe eller gryterett, ofte laga med reinsdyrkjøt, poteter, lauk og nokre gongar gulrot. Det er ein klassisk rett i samisk matkultur, spesielt servert ved høgtider og festlege lag.

Sami duodji refererer til tradisjonelt samisk handverk. "Duodji" er det samiske ordet for handverk og omfattar både brukskunst og dekorative gjenstandar laga av naturmateriale som tre, bein, horn, skinn og tekstilar. Duodji-produkt kan vere knivar, vesker, kofter, belte, og andre handlaga gjenstandar som ofte har kulturell og symbolsk betydning.

Sápmi er namnet på det tradisjonelle landområdet til samar, som strekkjer seg over delar av Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det er ikkje eit eige land, men eit område der samisk kultur, språk og tradisjonar har djupe røter. Sápmi omfattar både det geografiske området og den samiske nasjonen som eit folk med eigen kultur, språk og historie. I dag blir namnet brukt både politisk og kulturelt for å styrke samisk identitet og rettar.