Framsida av Bøtun 3 - bygget for Psykisk helse og rustenesta.
Simon Knutsson Sortland
Me inviterer deg til Sesam lågterskeltilbod i Bøtun 3 (bygget til tenesta Psykisk helse og rus) torsdag 27. mars klokka 19.00.
Møtestad og nettverk
Me ønskjer å skape ein møtestad der pårørande og andre som står den rusavhengige nær, kan treffast og bygge nettverk, dele erfaringar og møte fagpersonar som arbeider i feltet.
Me takkar for godt oppmøte førre gong og håpar du kjem att, velkomen skal du vera!
Program:
• Me vil prøve å gje eit lite innblikk i ulike rusmidlar me ser i rusfeltet.
• Kort innføring i bruk av nalokson ved overdose
• Kaffi/te og noko attåt - tid for spørsmål og drøs.
Dersom du har spørsmål kan me kontaktast på tlf: 489 90 020 eller 900 59 721