God stemning ved oppstrten av førehandsrøystinga til Stortings- og Sametingsvalet 2025 i Bømlo kulturhus. Frå venstre valansvarleg Bente Sæverud, IKT-rådgjevar Helge Bjørnevik og nestleiar vallokalet Silje Eriksen Oldereide.
Simon Knutsson Sortland
- Her er god stemning og folk som veit dei ikkje er heime på valdagen 8. september ville sikra seg å få gi si røyst, fortel nestleiar for vallokalet Silje Eriksen Oldereide.
Saman med valansvarleg i Bømlo kommune, Bente M. Sæverud og IKT-rådgjevar Helge Bjørnevik sørger ho for at alt går rett føre seg. Folk vert geleida inn i avlukket med røystesetlar, kjem ut og får stempla den bretta røystesetelen og putta i valurna etter avsjekk i manntalet.
- Mange har allereie nytta seg av høvet til å førehandsrøysta, så det ser ut til å bli bra med trafikk her i dag, seier Sæverud. Etter at røystelokalet stengde hadde dei registrert 103 personar som hadde gjort si borgarplikt første dagen.
Fleire endringar
Det er nokre viktige endringar i gjennomføring av val i Bømlo kommune som gjeld for Stortings- og Sametingsvalet 2025. Det vert til dømes ikkje lenger sendt ut valkort som du må ha med, no må du berre hugsa legitimasjon og sikra at du står oppført i manntalet. Kommunen har også redusert tal valkrinsar frå åtte til fem. Du kan førehandsrøysta i Bømlo kulturhus, Espevær bedehus, Langevåg Bygdatun og Moster servicesenter. Det vert også organisert førehandsrøysting på institusjonane våre.
Bra oppmøte første dag av førehandsrøystinga i Bømlo kulturhus.
Simon Knutsson Sortland
På sjølve valdagen 8. september er vallokala Bømlo kulturhus, Langevåg Bygdatun, Våge skule, Moster skule og Rubbestadneset skule. Det er 18 godkjende partilister å røysta på i Vestland fylkeskommune, og Hordaland/Vestland fylke får 16 av 169 representantar til Stortinget. Desse blir valde frå 19 valkrinsar og inkluderer både 150 distriktsmandat og 19 utjamningsmandat. Mandatfordelinga er basert på folketal og geografisk storleik, og Hordaland er eitt av dei større valkrinsane i landet.
For full oversikt over Stortings- og Sametinsgvalet 2025 i Bømlo kommune - sjå Stortings- og Sametingsvalet 2025
Tid og stad for førehandsrøysting Stortings- og Sametingsvalet 2025 i Bømlo kommune.