Folkefest på Bømlo 30. mai

Velkomen til den årlege folkefesten "Folk på Bømlo" laurdag 30. mai. Her blir det eit yrande liv med mykje kjekt som skjer heile dagen. Les meir om arrangementet og Folk på Bømlo på facebooksida dei har der.

gruppe artistar i festklede - Klikk for stort bileteABBA-tolkarar klare til Folk på Bømlo 30. mai. Privat

Folk på Bømlo 2026 er ein inkluderande møteplass for små og store, med frivilligheit, kultur og fellesskap i sentrum. I området rundt Bømlo kulturhus og Storavatnet fyller lag og organisasjonar på med aktivitetar for heile familien, saman med eit variert sceneprogram.

Publikum kan gle seg til underhaldning og allsong på Bakkjen. Kjende ABBA-låtar skapar god stemning og fellesskap, og det blir lett å syngja med når artistane inviterer publikum med, også til klassikarar mange kjenner frå før.

Folk på Bømlo gir høve til å oppleva breidda i det lokale engasjementet, oppdaga nye tilbod og møta folk på tvers av alder og interesser. Arrangementet er gratis og ope for alle, og passar godt for familiar, unge, vaksne og seniorar.

Ingen treng gå svoltne frå sentrum denne dagen då det vil bugna av matrettar frå alle verdas hjørner laga til av folk i vårt mangfaldige lokalmiljø. Det skal godt gjerast å ikkje finna noko av interesse blant dei utallige aktivitetane i regi av våre lag og organisasjonar.

På døra veke 21 (PDF, 2 MB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 25.-31. mai.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 21 i informasjonsskrivet På døra er arrangementet Folk på Bømlo. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august 2023 med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. 

Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar og mottek informasjonsskrivet i postkassa si. Av desse er det omlag 150 som får det levert på døra av postbodet. Det er mogleg å reservera seg mot å delta i dette pilotprosjektet ved å kontakta kommunen, men det er ikkje opning for å melda seg på.

Kontaktpersonar:
 

Elisabeth Holme Knutsen

rådgjevar kultur og idrett

E-post Send e-post

Mobil 91 16 53 77

Johanne Kristiansen

rådgjevar folkehelse og frivilligheit

E-post Send e-post

Mobil 45 38 26 42