Turar i mektig natur er godt for folkehelsa.
Vestland fylkeskommune, Julia Farsund Storvik
Undersøkinga gir viktig kunnskap om korleis me har det i kvardagen, og korleis helse, trivsel og livskvalitet utviklar seg i kommunen. Når innbyggjarane svarer, får både kommunen og fylkeskommunen eit betre kunnskapsgrunnlag.
Resultata bruker me i Bømlo når me planlegg tenester, utviklar lokalsamfunn og skal ta gode og treffsikre val for framtida. Undersøkinga gir også fylkeskommunen oversikt over helsetilstanden i Vestland, slik folkehelselova krev.
Folkehelseundersøkinga går til eit tilfeldig utval av vaksne over 18 år. Dei som blir inviterte, får melding på SMS eller e post og svarer digitalt. Det er frivillig å delta, men me håpar mange tek seg tid til å bidra. Alle svar blir behandla i tråd med strenge personvernreglar, og ingen enkeltpersonar kan kjennast att i resultata.
Har du fått invitasjon, håpar me du vil delta. Di stemme er viktig for utviklinga av Bømlo og for folkehelsearbeidet i Vestland.
Les meir om Folkehelseundersøkinga 2026 i Vestland fylkeskommune