Førebygging av psykiske helseplager

Me har alle ei psykisk helse og gjennom livet vil alle kjenne at korleis me har det mentalt ikkje held seg stabilt. Dei fleste vil kjenne at det kan vera spesielt vanskeleg fleire gongar i livet.

tenksam eldre mann ved innsjø - Klikk for stort bileteÅ vere ute i naturen er godt for di psykiske helse. KI-generert

Faktorar som fysisk helse, relasjonar, stress, overgang til å bli pensjonist, økonomi og haldningar ein har til seg sjølv kan verke innpå dette.

Dei viktigaste tiltaka ein kan gjera for åunngå å få varige psykiske helseplagar er:
- å vera i fysisk aktivitet. Trapp i staden forheis, gå i staden for å køyre...
- å passe på å få nok søvn. Begrens søvn pådagtid, stå opp og leggje seg til faste tider.
- å ete frukt/grønt, grove kornsortar, meirav fisk og kvitt kjøt enn raudt kjøt.
- å vera sosial med andre dagleg.

I Bømlo kommune har me fleire tilbod tilvaksne som treng hjelp med si psykiske helse. Rask psykisk helsehjelp er for innbyggjarar over 16 år som har lettare former for angst, mild og moderat depresjon, begynnande rusvanskar og/eller søvnvanskar.

Psykisk helseteneste er for innbyggjararover 18 år som har moderate til alvorlege plagar, eller som har hatt plagar ei tid (over 6 mnd).
Kontaktinformasjon til Psykisk helse og rus i Bømlo kommune:
Tlf: 53 42 30 00 (først tasteval 3, så tasteval 5)

På døra veke 20 (PDF, 235 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 18.-24. mai

Om prosjektet På døra

Tema i veke 20 i informasjonsskrivet På døra er førebygging av psykiske plager. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august 2023 med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. 

Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar og mottek informasjonsskrivet i postkassa si. Av desse er det omlag 150 som får det levert på døra av postbodet. Det er mogleg å reservera seg mot å delta i dette pilotprosjektet ved å kontakta kommunen, men det er ikkje opning for å melda seg på.

Kontaktpersonar:
 

Elisabeth Holme Knutsen

rådgjevar kultur og idrett

E-post Send e-post

Mobil 91 16 53 77

Johanne Kristiansen

rådgjevar folkehelse og frivilligheit

E-post Send e-post

Mobil 45 38 26 42