Gamle Espevær skule ligg ute for sal

No har du sjansen til å sikre deg eit unikt bygg på Espevær. Den tidlegare Espevær skule, som var i bruk fram til 2020, er no lagt ut for sal på Finn.no med prisantydning på ein million kroner. 

skulebygning med leikeplass foran - Klikk for stort bileteGamle Espevær skule ligg ute for sal med prisantydning på ein million kroner. Skjermdump Finn.no

Bømlo kommune har no lagt ut det gamle skulebygget på Espevær frå 1954 til sals. Det store murbygget over fire etasjar ligg majestetisk til sørvest på øya, med flott utsikt og kort gangavstand frå ferjekaien. Tomtearealet er på  2 718 m² (eigd) og med eit bruksareal på 729 m².

Innhaldsrikt bygg

Bygget har loft og fleire påbygg. Det inneheld mellom anna: Gymsal og garderobar med dusjar, skulekjøken og klasserom, kontor og grupperom, sløydsal og pauserom med kjøkenkrok og lagerrom og tekniske installasjonar. Loftet har god takhøgd i midten og gir ekstra lagringsplass. Tomta er planert med god manøvreringsplass og har fotballbinge i nord.

Eigedomsmeklaren oppmodar interessentar til å ta med fagfolk for vurdering av bygget. Det er behov for vedlikehald og oppgraderingar både innvendig og utvendig. Det er tilstandsrapport frå mars 2025 med meir informasjon.

Espevær er tilgjengeleg via ferje frå Eidesvik på Langevåg. Frå ferjekaien er det om lag 10 minuttar å gå til eigedomen.

Meir informasjon og lenkje til salsannonsa her