Møteinnkalling og protokoll formannskapsmøte 22.05.2025
Kommunedirektøren meiner at ein leigeavtale vil vere ei god løysing som sikrar at skulebygningen vert brukt og halden ved like. Ei slik løysing vil og leggje til rette for at skulebygningen og uteområdet framleis vil kunne fungere som ein samlingsstad for bygda. Vidare vil fleirbrukshallen framleis kunne nyttast som aktivitetsflate. Under sakshandsaminga kom det fram spørsmål om alternativ bruk av skulebygget om søknaden om å oppretta Foldrøy Montessoriskule AS ikkje går gjennom i Utdanningsdirektoratet. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter stadfesta at fleire alternativer er vurdert, og det gjeld også bruk av SFO-huset. Han understreka at bygda sin bruk av bygget i dag bør halda fram, og at det er viktig at det er drift og lys i bygget også i framtida.
Fast skjenkeløyve til kulturhuset
Mot ordføraren si røyst vedtok formannskapet å gje Bømlo kulturhus fast skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3 på godkjent skjenkeareal inne og ute i Kulturhusvegen 20. Løyvet gjeld til 30.09.2028. Løyvet er knytt til Hanne Jacobsen som skjenkestyrar og Heidi Laurhammer som stedfortredar. Skjenkeareal inne: 809 m2, er godkjent for 450 gjester. Skjenkeareal ute: 70 m2, er godkjent for 30 gjester. Fleirtalet argumenterte for løyvet med økonomiske og praktiske grunngjevingar, medan ordføraren peika på at mange kulturhus klarar seg fint utan alkoholservering.
Kommuneplanen sin samfunnsdel skal opp til endeleg politisk handsaming i kommunestyret 16. juni. Dei politiske gruppeleiarane hadde jobba fram eit dokument med fleire endringspunkt, men i ettertid er det komen til endå fleire punkt. FrP ville ikkje handsama nokre punkt no og så gå ein ny runde for å ta resten. Fleirtalet vedtok å utsetje handsaminga av dei punkta til endring som vart lagd fram i torsdagens formannskapsmøte. I mellomtida skal det jobbast politisk med å baka inn endringar. Formannskapet ynskjer eit breiast mogleg fleirtal for den endelege planen.
Formannskapet trakk saka om Klage på avslag og oppheving av utsleppsløyve for gnr./bnr. 101/49.
Rosa innsatsen i Siggjarvåg
I si orientering trakk kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter fram den enorme innsatsen til alt personell som har bidrege i slukkingsarbeidet av brannen i Siggjarvåg. Han sa seg storleg imponert over samarbeidet med nabokommunar og ulike etatar. Han nemnde også kort om praktiske utfordringar som oppstod i samband med arbeidet. Til slutt minna han om at skogbrannfaren enno ikkje er over.
Økonomisjef Jarle Nakken orienterte om økonomien og formannskapet vedtok samrøystes framlegget til 1. tertialrapport 2025 og budsjettrevisjon 1. halvår 2025.
Fleire av formannskapsmedlemene tok til orde for å konkurranseutsetja saka om samlokalisering av Barne- og familietenesta, sjølv om det etter lovverket er høve å snakka med ein tilbydar når det gjeld leigeavtale. Det var stor semje at noko må gjerast, men og at kostnadane må haldast innanfor rammene. - Noko må gjerast for dei tilsette sin arbeidssituasjon, og vedrørande plassering i sentrum er det godt belyst i saksutgreiinga, meiner kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.
- Det viktigaste for oss tilsette er å skapa gode tilhøve for samhandling til beste for barn og familiar, og då er lokaler ein del av dette, påpeika Birgit Sønstabø Esperø (KrF).