Elevar frå Gilje skule kom heilt til 2. plass i fylkesfinalen SMARTare teknologi. F.v: Freya Beddig Kruse, Even Østli Funderud, Kridtoffer Mathiassen, Andreas Alvsvåg Undheim, Ingrid Kristoffersen (Ungt enteprenørskap) og ordførar Morten Helland.
Bømlo-nytt/Hege Sønstabø Alvsvåg
Bømlo-nytt rapporterte frå premieoverrekinga på Gilje skule måndag.
- De unge som sit på løysingane
– Me treng meir straum ut frå behovet i dag, men eg er heilt sikker på at dette klarer verda å løyse, og det er de som kjem til å klare å løyse det. Det er dykk som er unge som kan bruke nysgjerrigheita og kreativiteten til å finne løysingane, sa ein imponert ordførar Morten Helland under utdelinga måndag føremiddag.
– Tusen takk, på vegner av heile Bømlo.
Smarte løysingar med KI og grøn energi
I prosjektet hadde Gilje-elevane utvikla ein framtidsretta båt som nyttar sol, vind og bølgjekraft – alt styrt av kunstig intelligens. Konseptet inkluderte òg ein KI-styrt undervassrobot som kunne reinsa skroget for groe, og dermed bidra til lågare energiforbruk og betre framdrift. Enkelt forklart produserer båten meir enn den brukar, slik at andre kan nytte overskotet.
– Eg vart verkeleg imponert då eg såg filmen dykkar. De har tenkt heilskapleg og framtidsretta, og brukt teknologien på ein smart og ansvarleg måte, sa Ingrid Kristoffersen, fagansvarleg for grunnskulen i Ungt Entreprenørskap Vestland. Både ho og lærar Steinsland trekte fram både samarbeidet i gruppa, men og vidareutviklinga av båten etter kommunekåringa. Kristoffersen kunne opplyse at elevane frå Gilje konkurrerte med 2000 andre elevar og dei hadde all grunn til å vere stolte av 2. plassen.
Engasjerte elevar, stolt lærar
Markeringa fann stad på Gilje skule, der både prosjektfilmen og ein film frå juryarbeidet vart vist. Ein av elevane, Andreas Alvsvåg Undheim, sette stemninga med vakkert pianospel før gruppa fekk sine velfortente diplom og godord.
– Det var kjekt å sjå kor engasjerte dei var gjennom heile prosessen. Dei brukte til og med fridagen sin til å jobba med prosjektet, fortel lærar Vidar Steinsland som og trekte fram lærar Møyfrid Olsen som ein viktig ressurs i arbeidet med prosjektet.
Motiverande og viktig erfaring
SMARTare teknologi er eit tverrfagleg undervisningsopplegg der elevane skal løysa samfunnsutfordringar ved hjelp av teknologi og kreativitet. Målet er å auka meistring, samarbeid og tru på eigne evner. Det var SMART Automation AS ved Håkon Tulloch som laga og presenterte oppgåva for elevane på Gilje.
Problemstillinga dei la fram var:
«Korleis meiner de at me kan bruka ny teknologi og kunstig intelligens (KI) til å gjera skipa smartare og meir miljøvennlege? Kan de finne på løysingar som gjer at skipa slepp ut mindre forureining, og samstundes gjer sjøen tryggare for både folk og miljøet? Tenk på korleis me kan kombinere maskiner og menneske for å skape den beste maritime framtida!»