God og trygg nyttårsfeiring på Bømlo

- Me ønskjer alle ei fin nyttårsfeiring, og håpar alle viser omsyn når fyrverkeriet skal opp. Følg reglane og ta vare på både folk og dyr, oppmodar ordførar Morten Helland.

fyrverkeri skutt opp i nabolag - Klikk for stort bileteNyttårsfeiring i bustadfelt. Simon Knutsson Sortland

Kvart år skjer det ulykker og skadar i samband med fyrverkeri. Mange opplever også smell og lysglimt som skremmande, både menneske og dyr. Difor ber Bømlo kommune alle om å vise omsyn og følgje reglane for oppskyting.

Når er det lov å skyte opp fyrverkeri?

  • Berre på nyttårsafta, mellom kl. 18:00 og 02:00
  • Elles i året må du ha særskilt løyve

Gode råd for trygg bruk av fyrverkeri

  • Bruk vernebriller – også til dei som står i nærleiken
  • Ikkje gi fyrverkeri til barn
  • Sørg for at fyrverkeriet står støtt og ikkje er skada
  • Les bruksanvisninga nøye
  • Tenn aldri lunta to gongar
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman

Planlegg godt

  • Hald god avstand
  • Bruk tennstav
  • Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent
  • Meld inn skade dersom du opplever personskade eller materielle skadar

Les meir om trygg bruk av fyrverkeri 
Du finn også informasjon på Bømlo kommune - fyrverkeri