Godt arbeidsmiljø i Raunevarden

- Me tok ikkje inn nye ferievikarar i år. Bebuarane trives med å sjå att kjende fjes, og det seier mykje om arbeidsmiljøet her i Raunevarden bufellesskap, fortel miljøterapeut Hanna Hellen i Habiliteringstenesta. 

kakespising i stue i bufellesskap med seks personar - Klikk for stort bileteKakekos i Raunevarden bufellesskap. Assistent Elinor Aga Sandnes (t.v), Carmen Håvik, Petter Tveit alias vaktmeister Viggo Hauge, ordførar Morten Helland, Jenny Kvarven og assistent Kaja Skålevik Skjønberg. Simon Knutsson Sortland

Dei hadde laga til felles lunsj denne onsdag før ferien for å møta ordførar Morten Helland som er på ein besøksrunde til kommunale tenesteiningar og bedrifter i ein litt rolegare politisk periode. Det er ikkje vanleg med felles lunsj, men i Raunevarden freistar dei å ha felles lunsj og middag i helgane og elles på bursdagar eller når bebuarane ynskjer å samlast.

Dette er litt ulikt frå base til base, som er fellesnemnaren for bufellesskapa. Sju brukarar er knytta til Raunevarden bufellesskap. Her er tre tilsette på jobb på dagtid, fire om ettermiddagen og ein på natt.

Stor teneste

Habiliteringstenesta er ei stor og krevjande teneste i Bømlo kommune. Det er mange små avdelingar som gir meir krevjande logistikkutfordringar enn større. Men det er andre fordelar med mindre einingar. - Me jobbar kvar dag for å gi eit så godt tilbod til våre brukarar som mogleg, understrekar verksemdsleiar Frode Bratten. Me strekk oss så langt me kan innanfor det lovverket og dei rammene tal årsverk gir oss. Det gjeld også om sommaren.

Habiliteringstenesta har på det jamne 130 årsverk. I år er det 53 sommarvikarar. Ein del av desse er fasttilsette i mindre stillinger som har auka stilling om sommaren, noko bebuarane også set stor pris på. 

- Me hadde mange søkjarar til sommarjobbane våre, og alle vert kalla inn til intervju. Det er ikkje lenger slik at det berre er å møte opp. Det er mange ulike utfordringar og me treng å få inn dei rette folka. Dette er ikkje jobbar som passar for alle, seier Bratten.

- No har me stor tru på ungdomane våre, og me har mange flinke vikarar, supplerer avdelingsleiar Hilde Mæland. 

Begge seier dei er blitt meir bevisste på å få menn inn i helsefaga, men kan ikkje seie for sikkert om det er fleire unge menn som søkjer stillingane no enn før. Bratten opplyser at dei får fylt opp terapeutstillingane, men at dei ynskjer å få få tak i fleire vernepleiarar.

Stortrivest i jobben

Assistent Elinor Aga Sandnes flytta til Etne og har eitt år att av lærarutdanninga si. - Men eg likar meg best på jobben her i Raunevarden og jobbar her i helgar og sommarferiar, fortel Elinor. Her jobbar me med å aktivisera og laga kjekkare og meir givande dagar for brukarane. Den jobben gjer ho tydelegvis bra ifølgje Carmen og Trygve Andre.

- Me jobbar for vaskeriet på Viergo. Etter den tragiske brannen må me pendla fire dagar i veka til Etne, og me har sju kassar med i bilen. Men det går fint, og det er kjempekjekt, seier Carmen Håvik.

Kollega Trygve Andre Bø seier det er uniformar og handklede til sjukeheimen dei vaskar. Dei skal og brettast skikkeleg før dei vert sett på plass. Dei andre skryt over jobben Trygve Andre gjer. Han og meiner det går bra etter brannen, men gler seg til dei får opp nytt vaskeri.

– Ein varm og fin lunsj med mykje latter

- Det var rett og slett skikkeleg kjekt å få koma på besøk og eta lunsj saman med bebuarane og dei tilsette i bufellesskapet her. Praten gjekk lett om både kvardagsliv, jobb, musikk og filmar dei likar. Det var mykje smil og god stemning rundt bordet, seier ordførar Morten Helland.

Han vart imponert over kor trygt og godt miljøet verka, og kor mykje humor og varme som prega samtalane. Det er tydeleg at dei som bur her trivst, og at dei som jobbar her gjer ein viktig og verdifull jobb heile året gjennom.

Ordføraren synest òg det var fint å høyra dei rosande orda Viergo fekk frå både Habiliteringstenesta og våre tilsette i Viergo om kor godt samarbeidet fungerar. - Dei som har tilrettelagt arbeid der får stadig nye oppgåver dei meistrar og trivst med. Dette betyr mykje, både for den enkelte og for Bømlasamfunnet som heilskap, meiner ordføraren.  

man med caps støvsuger inni bil - Klikk for stort bileteMagnus Ørstavik støvsuger grundig før vask. Anastasiia Starzhynska

Habiliteringstenesta i Bømlo

Habiliteringstenesta er ein del av helse- og omsorgssektoren og gir heildøgnstilbod og dagtilbod til personar med nedsett funksjonsevne av fysisk, psykisk eller sosial karakter. 

  • Brukargruppe: Personar frå 18 til 79 år med ulike hjelpebehov. Tenesta legg vekt på meistring, livskvalitet og aktivitetstilbod 
  • Bufellesskap: Tenesta omfattar 11 bueiningar fordelt over kommunen, dei fleste sentrert på Bremnes. Nokre bebuarar eig leilegheit sjølv, andre leiger gjennom den kommunale tenesta BKE 
  • Årsverk og tilsette: 130 årsverk, fordelt på om lag 150 faste tilsette. Personalet inkluderer miljøterapeutar, miljøarbeidarar, nattevakter og fagpersonar med ulik bakgrunn 
  • Arbeidsform: Tenesta arbeider målretta og metodisk ut frå individuelle behov. Det vert lagt stor vekt på tryggleik, stabilitet og fagleg utvikling i personalgruppa 
  • Dagtilbod: Aktivitetstunet er ein sentral del av dagtilbodet, med fokus på sosialt fellesskap og meiningsfulle oppgåver