Har du eit godt minne frå ei oppleving i naturen?

No kan du vera med på å skapa eit inkluderande samfunn ved å invitera andre ut.

2025 er Friluftslivets år. Det er eit år dedikert til at alle skal finnafriluftsgleda si. Me ønskjer å oppmuntra alle til å oppdaga og ta vare på sinnærnatur, og invitera med seg nokon ut på tur. Har du ein nabo, venn, kjenning, ein du ikkje kjenner så godt, barn eller barnebarn du vil invitera med på tur?

Klipp ut denne invitasjonen og fyll den ut.

turinvitasjon - Klikk for stort bileteInviter nokon på tur i naturen.

Har du lyst til å delta i friluftstilbud?

På døra veke 23 (PDF, 827 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender for 9.-25. juni 2025.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 23 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er Friluftslivets år 2025. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS held Bømlo kommune fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor fram til medio juni i år. Me testar ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.