Høyring skulerute for Bømloskulen 2026-2027

Bømlo kommune sender skuleruta for skuleåret 2026-2027 ut på høyring. Alle som ynskjer kan gje innspel til denne, men grunnskulane og deira rådsorgan vil vera dei viktigaste som uttalar seg. Vaksenopplæring, vidaregåande skule, barnehagane, Utdanningsforbundet og Fagforbundet er andre aktuelle for å gje uttale. 

Bømlo kommune har vedteke lokal forskrift for skuleruta: Sak 9/2025 i Kommunestyremøte 10.02.2025

Framlegg til skulerute for 2026-2027 oppfyller lovkravet om 190 skuledagar for elevane.

Skuleruta vil bli adminstrativt vedteken etter høyringa, og deretter vera meldingssak i utval for levekår hausten 2025.

I framlegg til skulerute er vinterferien i 2027 tidlegare enn den plar vera, dette grunna tidleg påske. Perioden mellom juleferie og vinterferie blir kortare, medan det vert ein betre arbeidsperiode mellom vinterferie og påskeferie. 

Framlegg til skulerute for grunnskulane i Bømlo 2026-2027 (PDF, 84 kB)

Her kan ein gje høyringssvar