Friminutt ved Svortland skule.
Simon Knutsson Sortland
Lesarinnlegga peikar på forhold dei meiner ikkje er vurderte i grunnlaget for vedtaket om nedlegging. Me ønskjer difor å gi ei samla framstilling av dei vurderingane som låg til grunn, samt kommentera til dei alternativa som vert etterspurde og spørjeundersøkinga som er gjennomført.
Lesarbreva i Bømlo-nytt som kommunalsjefen svarar på (PDF, 80 kB)
Bakgrunn for arbeidet med skulestrukturen
Bømlo kommune står, i likskap med mange andre kommunar, i ein situasjon der både demografiske og økonomiske rammer gjer det nødvendig å prioritere og tilpasse tenestetilbodet. Skulebruksplanen for 2025-2031 og dei tilhøyrande politiske vedtaka peikar på følgjande hovudutfordringar:
• fallande elevtal i fleire delar av kommunen. Elevtalet i Bømloskulen vert redusert med om lag 300 elevar frå 2021-2029.
• auka behov innan helse- og omsorgstenester.
• strammare økonomiske rammer og krav om innsparing og strukturelle grep for å sikre berekraft.
Dette låg som premissar i kommunestyret sitt mandat frå juni 2024 om å gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av skulestrukturen som vart sendt på høyring før eventuelle tiltak vart vedteke.
Vurderingar knytt til Foldrøy skule
Foldrøy skule var ein liten fådelt barneskule med 41 elevar i skuleåret 2024/2025 og med stabilt elevtal mellom 40 og 50 elevar i framskrivingsperioden. I skulebruksplanen vart både pedagogiske forhold, bygningsmessige vurderingar, driftskostnader, fagmiljø, elevtalsprognosar og krav til spesialpedagogiske tenester vurderte samla.
Mindre skular kan ha mange kvalitetar for elevar og nærmiljø, men dei er meir sårbare for endringar i elevtal og krev relativt store ressursar for å sikre likeverdige opplæringstenester for elevane med mellom anna leiing, fagkompetanse og spesialpedagogisk hjelp.
Om alternativa som vert etterlyste i lesarbrevet
1. Midlertidig nedbemanning ved Svortland skule
Det er korrekt at prognosane for 2025/2026 viste ein nedgang i elevtal ved Svortland skule og denne vil halde fram i større og mindre grad i åra framover. Elevtalet i Bømloskulen vert samla sett redusert med om lag 300 elevar i dette tiåret med ulik nedgang rundt i kommunen. Bemanninga på skulane vert tilpassa i høve til elevtalet kvart skuleår. Ressursane til skulane vert tildelt etter elevtal.
Ei nedbemanning på Svortland skule åleine ville ikkje vore tilstrekkeleg for å møte dei overordna utfordringane kommunen står i med omsyn til økonomi og demografi. Oppdraget i planen var å planlegge for ein skulestruktur som gjev eit likeverdig tilbod for elevane i Bømloskulen som er berekraftig framover. Årleg tilpassing av bemanning var ikkje nok til å møta innsparingskravet og ei varig strukturell løysing var naudsynt for å sikra ein berekraftig struktur over tid med fallande elevtal i kommunen.
Svortland skule er den største barneskulen på Bømlo og ville uansett hatt eit stort og samansett elevgrunnlag og eit robust fagmiljø. Når den førre skulebruksplanen vart utgreidd vart det også vurdert å flytta elevane frå Foldrøy til Svortland. På det tidspunktet var kapasiteten på Svortland avgrensa, og det vart bestemt å vente med dette tiltaket til elevtalsnedgangen ein såg ville koma i prognosane for Svortland skule.
2. Justering av skulekrins mellom Meling og Svortland
Det vart under planarbeidet utgreidd korleis krinsgrenser og kapasitet kunne handterast. Skulebruksplanen omtalar desse vurderingane som ein integrert del av strukturelle analysar.
Det er korrekt at Meling skule hadde kapasitetsutfordringar, men framskrivinga viser at dette vil endre seg etter få år. Ei grensejustering vart difor ikkje vurdert som ei tenleg løysing i denne omgang. Ved ei krinsgrenseregulering er det ikkje vanleg å flytte elevar som allereie er starta på skulen. Det ville derfor ta lang tid før denne ville hatt naudsynt effekt. Det er også relativt kort tid sidan grensa vart regulert sist og den har berre nyleg hatt full verknad. Ei ny regulering no ville ikkje svara på dei langsiktige demografiske utfordringane i kommunen.
Nye leikeapparat ved Foldrøy skule.
Simon Knutsson Sortland
Montessorisøknad og lovgrunnlag
Det vert i lesarbrevet vist til at kommunen sine vurderingar kan påverke handsaminga av søknaden om godkjenning av Foldrøy Montessoriskule. Privatskolelova seier at vertskommunen «skal få høve til å gi fråsegn før departementet gjer vedtak i saka» og bed om at uttalen gir ei vurdering om etablering av ein privat skule får konsekvensar for den offentlege skulestrukturen. Dette er ei vurdering som Kunnskapsdepartementet skal leggja vesentleg vekt på sidan det er kommunen som kjenner dei lokale tilhøva best.
Det er difor ikkje eit spørsmål, slik lesarbrevforfattaren skriv, om «kommunalpolitisk goodwill», men om dei vurderingane kommunen sjølv gjere av konsekvensane av etableringa av ein privat skule.
I uttalen som vart sendt frå kommunestyret til Utdanningsdirektoratet i fjor vart det forklart kva den økonomiske situasjonen er for kommunen, korleis demografiutviklinga er og kva vurderingar som er gjort i høve til framtidig skulestruktur for å møta desse utfordringane.
Barnets beste og oppfølging av elevar
Skulebruksplanen inneheld eigne vurderingar av barnets beste, inkludert konsekvensar for elevar ved endringar og tiltak for å sikre trygge overgangar. I prosessen med nedlegging av Foldrøy har det heile tida vore viktig å sikre ein trygg overgang for elevane. Det var fleire foreldremøte og elevbesøk på ny skule før skulestart.
Overgangar til ny skule tek ofte litt tid og nokre elevar treng lengre tid enn andre på å finna seg til rette. Me tek uro og tilbakemeldingar på alvor og ønskjer at bekymringar vert meldt til kontaktlærar eller rektor slik at dei kan følgjast opp. Samstundes kan kommunen ikkje konkludere på grunnlag av prosenttal frå undersøkingar der metode og grunnlag ikkje er kjent for skulen/kommunen. Me må støtte oss på data og metodar som er samanliknbare på tvers av skular, slik at alle elevar vert vurderte etter same system. Me følgjer opp elevane gjennom etablerte system for elevmiljø, dialog med føresette og felles undersøkingar som blir gjennomført på alle skular.
Om lokalsamfunn og framtidig skulestruktur
Skulane våre spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnsutviklinga, noko som vart løfta fram av mange i høyringsrunden. Samtidig har kommunen eit ansvar for å sikre eit likeverdig og fagleg godt skuletilbod for alle elevane i kommunen innanfor dei økonomiske og demografiske rammene som ligg føre. Me må bruka dei ressursane me har til opplæring på best mogleg måte for alle elevane våre.
Det vert i vår sendt ut ei høyring med forslag til mindre endringar i krinsgrensene for at dei skal passa betre med geografisk avstand. I dette vert mellom anna elevane på Stautland foreslått flytta til Gilje (ikkje Svortland skule slik lesarbrevforfattaren skriv), etter kvart som det kjem nye 1.klasseelevar. Målet med justeringane og skulebruksplanen er ikkje sentralisering som prinsipp, men å sikre ein struktur som er robust og berekraftig for framtida. I dette arbeidet skal alle elevane sitt beste ha prioritet.
Bømlo kommune
Torunn Laurhammer
Kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett