Må gå om Skjenaberg i anleggperiode

- Entreprenør K. Volden AS må grave seg inn i bilvegen i Stavlandsneset, og fortau er planlagt brukt til omkøyring for biltrafikk. Det blir lagt opp til å stenge fortauet for gåande i perioden 1.–30. april med tilrådd trase for gåande via Skjenaberg, opplyser driftsingeniør Stein Erik Lyslo i Park, grønt og samferdsle. 

vegstrekk med vegarbeid - Klikk for stort bileteArbeid med ny veg til bustadfeltet Stavlandskleivane medfører vegarbeid på Stavlandsvegen. Simon Knutsson Sortland

Det er i samband med opparbeiding av nytt bustadfelt i Stavlandskleivane ein må grave seg inn i eksisterande veg til Stavlandsneset for VA-arbeid. Forhåpentleg vert ein ferdig med arbeidet i eksisterande veg første veka i april, men det vert uansett varsla for heile april månad.