Markerer frigjerings og veterandagen 8. mai

Ordførarduoen vår Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø får det travelt torsdag 8. mai. Dei skal leggja ned krans ved alle offentlege minnestøtter i kommunen. Grunnskulane våre deltek saman med Heimevernet og kyrkja for å markera at det i år er 80 år sidan 2. verdskrig slutta.

krans og flaggborg skuleelvar ved minnestøtte - Klikk for stort bileteElevar frå 7. trinn ved Gilje skule la ned krans på minnestøtta ved Bremnes kyrkje over dei falne i 2. verdskrig. (Arkivfoto) Simon Knutsson Sortland

- Det er ein spesiell situasjon rundt oss diverre, som gjer at det ikkje berre er 80-årsmarkeringa for frigjeringa vår som gjer det aktuelt å markera denne dagen, sa ordføraren til kommunestyret i sist møte.

Ordføraren legg ned kransar ved Moster gamle og nye kyrkje, Bremnes kyrkje og Blia-monumentet. Varaordføraren legg ned krans ved minnestøttene på Espevær, Bømlo og Lykling kyrkje. Heimevernet stiller med representantar ved alle markeringane. Dette er vår nasjonale frigjerings- og veterandag der me heidrar veteranar og krigsseglarane våre frå 2. verdskrig, alle som har delteke i internasjonale operasjonar for det norske flagg, og alle som har avtent verneplikta si i Noreg.

Elevar står for programmet

Ved minnestøtta ved Lykling kyrkje er det 5. trinn frå Våge skule som har programmet assistert av Våge skule musikklag. På Espevær og ved Bømlo kyrkje er det Hillestveit skule som står for programmet. På Moster vil skulen kopla på alle elevane for å dekka markeringa ekstra i høve 80-årsmarkeringa, og dei satsar på å få med delar av skulekorpset og at dei får i stand open kyrkje denne dagen.

På Svortland er det i år Bremnes ungdomsskule (BUS) og Meling skule som har ansvaret for markeringa. Dei byter med Svortland og Gilje skule anna kvart år. Dei startar ved Blia-monumentet der BUS har ansvaret. Det blir appell om vår lokale krigshistorie og prologen “Blia” av Vermund Trohjell. Meling skule har ansvaret for markeringa over falne under 2. verdskrig frå Bremnes sokn. Minnestøtta står like ved kyrkja. Bømlo kulturskule står for dei musikalske innslaga.

Gudsteneste og temakveld

Bremnes kyrkje skal ha gudsteneste på kvelden, der mellom anna Heimevernet vil danna flaggborg. Solistar er Arne Kvarven og Anna Lovise Anglevik Solberg (blås). Kollekten vil gå til Kirkens Nødhjelp.

Bømlo folkebibliotek vil i samband med 80-årsmarkeringa ha ein gratis temakveld “Eit tidsbilete frå krigen”. Det skjer onsdag 14. mai der Johanna Seim Hjelland kjem med forteljinga om sin far Peter Hermansen og familien si krigshistorie. Hermansen frå Lykling var prostiprest i Sunnhordland då han vart arrestert av tysk politi i 1942. Han sat i mange ulike fengsel på veg til fangeleiren Sachenhausen i Tyskland. Det første var fengselet på Stord. Ut frå ein svært spesiell grunn vart han sett fri før krigen var slutt.

Program for kransenedlegging

Moster kyrkje kl. 09.00 - ordførar, Moster skule
Moster gamle kyrkje kl. 09.45 - ordførar, Moster skule
Espevær kl. 10.00 - varaordførar, Hillestveit skule
Bømlo kl. 11.00 - varaordførar, Hillestveit skule
Lykling kl. 12.00 - varaordførar, Våge skule 5. trinn, Våge skule musikklag
Blia-monumentet kl. 11.30 - ordførar, Bremnes ungdomsskule, Bømlo kulturskule
Minnestøtta v/Bremnes kyrkje kl. 12.00 - ordførar, Meling skule, Bømlo kulturskule 
(Bremnes ungdomsskule og Meling skule har markering eit år og byter med Svortland og Gilje skule anna kvart år)
Gudsteneste Bremnes kyrkje kl. 18.00 - Prest: Laila Hansen Røksund. Organist: Øystein Skullerud