Nattarbeid på Ramnabrotet
Det vil føregå nattarbeid på FV.541 Hestaneset-Sakseid-Ekornsæter ved Ramnabrotet i perioden 07.12-19.12 kl 22.00-06.00 sundag kveld til fredag morgon. Vegen blir stengd i denne perioden, men det vil vere gjennomslipp av bilar i løpet av natta.
Det føregår anleggsarbeid på FV.541 Hestaneset-Sakseid-Ekornsæter ved Ramnabrotet, og det er lysregulering på staden.
Vestland fylkeskommune/Lars Andreas Stensland
Arbeidet som skal utførast er vegetasjonsrydding og sprengning av lause blokker. Arbeidet med fjerning av lause blokker er utfordrande og det er av den grunn vanskelig å opplysa om eksakt tidspunkt for gjennomslipp av trafikk.
Frå onsdag kveld 10. desember, vil det så lenge tryggleiken tillet det, bli opna for gjennomslipp kvar 2. time, opplyser entreprenøren Bertelsen og Garpestad AS.
Hald deg oppdatert på Statens vegvesen sine trafikkmeldingar
Generell informasjon om prosjektet FV. 541 Hestaneset-Sakseid-Ekornsæter