Om fullmakt og verjemål

Dei ulike fullmaktsordningane kan vere utfordrande å skilje frå kvarandre.

Nyttig info om fullmakt og verjemål.

Her får du ei kort oppsummering:

  • Med ei fullmakt kan du gi ein annan person myndigheit til å handle på dine vegner.
  • Legalfullmakt meiner at du som nærståande kan gjere dagleg økonomiske disposisjonar for eit familiemedlem som ikkje klarer seg sjølv. Du kan ikkje gjere større disposisjonar, som sal av fast eigedom, eller ivareta personlege interesser, som å søkja om tenester frå kommunen eller NAV. For dette trengs framtidsfullmakt eller verge.
  • Framtidsfullmakt lar deg velje kven som skal ivareta dine økonomiske ogpersonlege interesser når du ikkje kan. Det er ei privat ordning der du kanskreddarsy fullmakta etter behov. Du kan til dømes bestemme at fullmektigen skalselje fast eigedom eller dele ut forskot på arv. Uten ein framtidsfullmakt vil detvanlegvis bli oppnemnt ein verge.
  • Ei vedvarande fullmakt er ein vanleg fullmakt som blir ei framtidsfullmakt.
  • Verjemål er ein offentleg hjelpeordning for dei som treng hjelp til å ivareta eigneinteresser og som ikkje har andre alternativ, som legalfullmakt eller framtidsfullmakt. Statsforvaltaren fører tilsyn med verger, som må følgje reglane i verjemålslova. Vergen må søke om godkjenning frå statsforvaltaren for større disposisjonar, som å dele ut forskot på arv eller selje fast eigedom.
  • Sjå også https://www.aldringoghelse.no/


På døra veke 11 - framtidsfullmakt (PDF, 227 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteLitt av det som skjer perioden 9.-15. mars