Nødvarsel på mobil.Varslingsprøven onsdag den 14. januar vert gjort over heile landet, ca klokka 12. Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Informasjon finn du på https://www.nødvarsel.no
Varslingsprøven fører med seg at mobiltelefonar i heile landet vil vibrera og spela av et høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler der slike er plassert. I Bømlo kommune er det ingen tyfonar.
Når nasjonalt nødvarsel vert testa skjer følgjande:
- Testen vert løyst ut ca klokka 12.00 onsdag den 14. januar 2026.
- Når du mottar testen vibrerer telefonen og spelar av en høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekunder.
- Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
- Varselet kan «dragast» vekk eller fjernast ved å trykkja «ok» (Dette heng saman med kva type telefon og operativsystem du har).
- Teksten i varselet kjem i to språkversjonar - éin norsk og éin engelsk. Kva telefon og kva språkinnstillingar du har, avgjer om du får varselet på norsk, engelsk eller på begge språk.
Har du ikkje fått test-varsel tidlegare?
Nasjonalt nødvarsel på mobil vart innført av nasjonale mynde i 2023, og vert testa to gonger i året (i januar og juni). Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som oppheld seg i Norge og som er kobla på 4G/5G kan motta testen.
Mange har opplevd at dei ikkje har fått nødvarselet. Dette kan skuldast at telefonen ikkje er ny nok, at programvara ikkje er oppdatert eller at nødvarsel-funksjonen ikkje er aktivert.
På nettsida nodvarsel.no finn du
Du finn igjen eit naudvarsel
Alle nødvarslar kan også lesast på nodvarsel.no. For å finna igjen eit nødvarsel på mobiltelefonen din kan du gjera følgjande:
iPhone: Nødvarslar legg seg i varslingssenteret. Frå låst skjerm opnar du varslingssenteret ved å sveipe opp frå midten av skjermen. Frå alle andre skjermar sveiper du ned frå midten øvst på skjermen. Her vil du finna igjen tidlegare mottekne nødvarslar. Trykk på varselet for å sjå varselet på norsk og engelsk versjon.
Les meir om bruk av varslinger (Apple brukarstøtte)
Les meir om korleis du viser og administerar varslingar på iPhone (Apple brukarstøtte)
Android: På telefonen søkjer du opp «Nødvarsler», velg «Trådløse nødvarsler». Her vil du også finna ei liste over tidlegare mottekne nødvarslar.