Nestleiar Trygve Tollaksvik og Maren Noremark i Bømlo ungdomsråd heldt appell om prosjektet "Ordet fangar".
Simon Knutsson Sortland
Linda Hellen, konferansier for kvelden og verksemdsleiar i Barne- og familietenesta, ynskte velkomen til om lag hundre fremmøtte på den opne samlinga om Ordet fangar i Bømlo kulturhus nyleg.
Sjå nettsida til Ordet fangar
De er viktige for å skapa trygge og inkluderande fellesskap. Orda våre har kraft. Dei kan løfta og dei kan såra. I ei tid med meir digital kommunikasjon, meir synlege ytringar og meir mangfald, treng me å vera bevisste på korleis språket vårt verkar på barn, unge og kvarandre. Ho peika på korleis samfunnet endrar seg, og at me ser at grensa for kva som blir sagt har flytta seg. Difor må me snakka saman om korleis me kan skapa rom for dialog, forståing og endring.
Engasjerte ambassadørar
Ordførar Morten Helland, som er ambassadør for prosjektet, løfta fram kor viktig språket vårt er som byggjemateriale i fellesskapet, noko som både kan løfte og rive ned. Han peikte på at grensene for kva som blir sagt, særleg blant barn og unge, ofte blir tøygde, og at det er viktig at vaksne set gode døme tidleg. Kampanjen med ti lokale «køyrereglar» handlar nettopp om det å skapa ein kultur der me snakkar med og om kvarandre på ein måte som byggjer respekt, fellesskap og tryggleik.
I appellen delte ordføraren tre enkle råd til oss vaksne. Me må unngå å tillegge heile grupper haldningar basert på nokre få, lytt aktivt etter dei stille stemmene i rommet, og framsnakk det me ønskjer meir av heller enn å snakka ned det vi ikkje vil ha. Han oppmoda alle som møter barn og unge, både i barnehage, frivilligheit eller andre fellesskap til å vere med og skapa eit miljø der ord gjer godt og fellesskapet blir sterkare.
Bømlo ungdomsråd ved styremedlem Maren Noremark og nestleiar Trygve Tollaksvik heldt sin appell. Noremark minna oss på at rasisme og hatefulle ytringar skjer i kvardagen til mange barn og unge. Kommentarar, «vitsar» og haldningar kan skape utryggleik og setja spor. - De vaksne må gripe inn tidleg, fordi språk formar miljøet rundt oss. Når grov språkbruk får feste, blir det lettare å snakka ned andre. Ungdommane ønskjer eit lokalsamfunn der mangfald er ein styrke, understreka ho.
Ungdommar frå heile Bømlo samla seg for å løfte fram behovet for eit inkluderande lokalsamfunn. Dei peikte på at hatefulle ytringar, også dei som blir bortforklarte som tull, kan gi sår med store konsekvensar. - Difor ber me dei vaksne seia ifrå, ta dei viktige samtalane og visa at alle er like mykje verdt. Saman kan me skapa ei trygg bygd der alle kjenner seg verdifulle, oppmoda Tollaksvik.
Digitalt og levande
Prosjektleiar Maren Laurhammer orienterte om "Ordet fangar" i Bømlo kulturhus.
Simon Knutsson Sortland
Prosjektleiar Maren Laurhammer presenterte «Ordet fangar» som eit toårig prosjekt finansiert av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Målet er å førebygge rasisme og hatefulle ytringar i skulen og i lokalsamfunnet på Bømlo. Prosjektet tek utgangspunkt i at språket vårt har stor kraft, og at det me seier påverkar både miljøet rundt oss og enkeltmenneske.
Gjennom spørjeundersøkingar, temadagar og samarbeid med grunnskulen, vaksenopplæringa og ungdomsrådet har prosjektet samla inn erfaringar og innspel. Dette arbeidet har blitt til ti positive «køyrereglar» som viser korleis barn og unge ønskjer at me skal snakka til og om kvarandre. Prosjektet har engasjert både barn, ungdom og vaksne. Skular, barnehagar og organisasjonar har teke kontakt for å få presentasjonar, og ei eiga nettside gjer alt materiell lett å bruke vidare.
- Målet er å skapa eit inkluderande og trygt lokalsamfunn der alle blir møtte med respekt, og der me er bevisste på at ord kan byggje opp og ikkje bruke dei til å bryte ned, understreka prosjektleiaren.
Startar i heimen
Eit av innspela frå salen peika på at haldningar blir forma heime lenge før barn møter barnehage og skule. Difor meinte innspelaren at Ordet fangfangar også må rettast mot foreldre og heimen, ikkje berre mot barnehage og skule. Prosjektet kan bli ein naturleg del av foreldremøte og rettleiing ved helsestasjonen, slik at foreldre blir meir bevisste på språkbruk, grenser og kva slags familiekultur dei ønskjer å skapa frå starten av. Det vart understreka at tidleg innsats er avgjerande, og at det er eit godt og viktig tema å ta vidare i prosjektet.
- Bruk det i kvardagen
Mange barnehagetilsette blant publikum i Bømlo kulturhus under presentasjonen av "Ordet fangar".
Simon Knutsson Sortland
Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer takka for det sterke engasjementet og understreka kor viktig det er at alle som møter barn og unge, tek ansvar for å førebyggje negative haldningar og språkbruk. Ho peikte på at dei yngste treng trygge, modige og bevisste vaksne som tør å vere tydelege og som seier ifrå når noko ikkje er greitt.
Laurhammer løfta fram kor verdifulle bidraga frå fagfolk, ungdom og prosjektgruppa har vore, og kor mykje det betyr at vaksne går føre med framsnakking og gode haldningar. Kommunalsjefen minte om at små positive handlingar, som eit godt ord eller eit vennleg nikk kan gjere stor forskjell.
Til slutt oppmoda ho alle om å ta Ordet fangar med seg vidare inn i kvardagen, dele prosjektet med kollegaer og miljøa dei er ein del av, og vere tidleg ute med å stoppe språk som sårar. - Saman kan me skapa eit tryggare og meir inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge på Bømlo, sa kommunalsjef Laurhammer.
Foreldre må tørre å stille dei viktige spørsmåla
«Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» var tema for kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen sitt innlegg under samlinga om "Ordet fangar".
Simon Knutsson Sortland
Barn og unge på Bømlo lever store delar av livet sitt på skjerm. Det påverkar søvn, læring, sjølvbilete og psykisk helse. Bodskapen er tydeleg frå kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen at dette klarar me berre saman i heimane, på skulen og i barnehagen.
Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen gjekk rett på med føredraget «Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» og understreka
at skjermane forsvinn ikkje. - Difor må me snakka om korleis dei verkar inn på ungane våre og kva me som vaksne faktisk kan gjera.
Søvn er grunnlag for læring
Saman med kommunepsykolog Øivind Johnsen la ho fram funn som gir grunn til uro. Dei syner at fleire unge slit med einsemd, stress og dårleg søvn. Skjermbruk er ikkje den einaste forklaringa, men ho er blitt ein viktig del av kvardagen som det ikkje lenger går an å oversjå.
Søvn, skjerm og skulekvardag heng tett saman syner både lokale kartleggingar og nasjonale undersøkingar. Mykje peikar same veg, at mange barn får for lite søvn samstundes som ein stor del brukar fleire timar dagleg på skjerm.
– Søvn er grunnlaget for læring. Når barn kjem trøytte og overstimulerte på skulen, slit dei med å konsentrere seg. Det går rett på meistringa og motivasjonen, understreka Halvorsen. Ho forklarte korleis blått lys, raske bytte av inntrykk og sosiale plattformer held hovudet i høggir langt utover kvelden.
«Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» var tema for kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen sitt innlegg under samlinga om "Ordet fangar".
Simon Knutsson Sortland
Når sosiale medium formar sjølvkjensla
Johnsen tok over med ei skildring av korleis sosiale medium skaper forventningar og press. – Ungdom samanliknar seg med perfekte liv som ikkje finst. Det tærer på sjølvkjensla, og mange kjenner på eit konstant krav om å prestere. Han minna òg om at det som skjer på nett, ikkje blir verande der.
– Mobbing og utestenging i digitale rom dukkar opp igjen neste dag i klasserommet. Skiljet mellom privatliv og skuleliv er borte, understreka kommunepsykologen.
Vil endra foreldremøta på Bømlo
Mot slutten av føredraget delte Halvorsen ein tanke om kva som kan bli eit viktig steg vidare, nemleg foreldremøta.
Halvorsen ønskjer at møta skal bli meir direkte og meir relevante for dagens digitale utfordringar. I staden for generelle orienteringar ser ho føre seg konkrete, opne spørsmål som gir foreldre høve til å reflektere over eigen praksis:
- Kva tid legg barnet seg?
- Korleis handterer familien skjermtid?
- Når får barnet tilgang til sosiale medium – og korleis følger de opp?
- Har de snakka saman om språkbruk og digital dømmekraft?
– Målet er ikkje å gi foreldre dårleg samvit, men å gi dei verktøy til å forstå samanhengar. Når vi oppdagar avvik tidleg, kan vi hjelpe tidleg, sa ho.
Felles ansvar og felles løft
Både Halvorsen og Johnsen avslutta med ei felles oppmoding. – Ingen vaksne kan løyse dette åleine. Barn treng at me er til stades og at me vågar å ta dei viktige samtalane. Det handlar ikkje berre om reglar, men om haldningar. Om å vere eit godt døme sjølv. Om å sjå barn som strevar, også når strevet er gøymt bak ei skjermflate.