Ordet fangar – ungdommane tok scena

På fag- og planleggingsdagen «Ordet fangar» samla over 300 tilsette frå skule, barnevern, kulturskule, vaksenopplæring og frivillige organisasjonar seg i kulturhuset for å snakka om korleis me kan førebyggja rasisme og hatefulle ytringar.

to ungdomar og kvinne på scene med stort lerret i bakgrunn - Klikk for stort bileteKonferansier Linda Hellen var svært nøgd med apellen frå Bømlo ungdomsråd sine representantar Karl Magnus Tollaksvik og Maren Noremark. Simon Knutsson Sortland

Fagdagen vart opna av konferansier Linda Hellen, verksemdsleiar i Barne- og familietenesta. Ho understreka at me alle har fleire roller – som lærar, forelder, trenar eller nabo – og at me har eit felles ansvar for å byggja inkluderande fellesskap. Ho minna òg om at samfunnet har endra seg, og at me må vera bevisste på korleis språket vårt påverkar andre.

– Korleis kan me saman skapa rom for dialog, forståing og endring? I dag skal me engasjerast, utfordrast og styrkast, sa ho.

Ikkje lat det gli forbi

Bømlo ungdomsråd, ved nestleiar Karl Magnus Tollaksvik og styremedlem Maren Noremark, delte sterke og ærlege erfaringar frå kvardagen. Dei fortalde om skjellsord, vitsar som sårar, og eit språk som blir stadig hardare – både på skulen og på sosiale medier.

– Ofte blir det sagt at det berre var på kødd. Men for den som får det slengt mot seg, kjennest det ikkje som ein spøk, understreka dei.

Ungdomane oppmoda lærarar og vaksne om å ta ansvar. 

– Ikkje lat det gli forbi når de høyrer noko, sei ifrå. Når de ser urett, stopp det.

Appellen frå ungdomsrådet var ei påminning om at ord har makt, og at me saman kan skapa eit skulemiljø der alle kjenner seg trygge og verdifulle.

– Språket og miljøet i skulen er blitt mykje tøffare og styggare. Mange unge vert råka av hatefulle ytringar og rasisme, og sjølv om det er fordekt som spøk, kan det i verste fall føre til at nokon gjer slutt på livet. Dette er ein trend me må snu. Saman!

Ungdomane avslutta med ei klar oppmoding. – Me treng lærarar som vågar å ta dei vanskelege samtalane, som lærer oss korleis ord kan byggja og ikkje bryta ned. Saman kan me skapa ein skule der ingen treng å skamma seg for den dei er. Ein skule som visar det samfunnet me vil ha – med respekt, mangfald og rettferd som ryggmarg. For oss handlar det om å byggja noko betre – eit bømlosamfunn der mangfald blir sett på som ein styrke, og der alle ungdommar kan kjenna seg trygge og verdifulle.

Meir enn ein kampanje

Ordførar Morten Helland støtta opp om bodskapen. – På Bømlo er me stolte av fellesskapet vårt. «Ordet fangar» er ikkje berre ein kampanje, men eit arbeid som involverer born, unge og vaksne. Resultatet er ti køyrereglar som seier noko om korleis me vil ha det på Bømlo – med respekt og forståing for kvarandre.

Han minna oss på at me må slutta å tillegga einskildpersonar eller grupper meiningar dei ikkje har – og slutta å overføra enkeltopplevingar til heile grupper. Det skapar avstand, ikkje forståing.

– Eg vil òg peika på at me må lytta til dei «stille røystene», både i klasserommet og elles. Som det heiter i køyreregel nr. 6: Det er fleire av oss som vil lære av dette enn som seier det høgt. Så lat oss saman sørgja for at Bømlo er ein stad der ord byggjer og ikkje bryt ned, oppmoda ordføraren.

Eit viktig arbeid

Fagdagen markerer starten på eit viktig arbeid som skal vidare ut i heile Bømlosamfunnet. For det er i kvardagen me formar framtida – med ord som inkluderer og haldningar som byggjer.

Maren Laurhammer Gilje orienterte om prosjektet, som skal inn i planverket og byggjer på funn frå Ungdata-undersøkinga og andre elevundersøkingar. Arbeidet skal vera digitalt og levande, med film og nettside som verktøy for å driva prosessen framover. I arbeidsgruppa har ho med seg John Henrik Staveland Sæter, Olaug Norenes Hovda, Bente Hovland Bergtun, Karoline Gilje, Christin Klubben, Solbjørg Eide Vik, Cecilie Grasdal Kallevåg, Johanne Kristiansen – og frå ungdomsrådet Karl Magnus Tollaksvik og Maren Noremark.

mann på scene - Klikk for stort bileteMarco Elsafadi leverte eit veldig engasjerande og inspirerande føredrag om felleskap, utanforskap og ordets makt. - De har verdas viktigaste jobb de kan vere stolte av, sa han til alle dei tilsette i skulen og oppvekstsektoren som var samla i kulturhuset 7. november. Simon Knutsson Sortland

Fellesskap, utanforskap og ordets makt

Etter lunsj heldt kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen eit populært føredrag om skjermtid og sjølvbilete – og korleis nettet formar oss. Særs opplysande som gav mange noko å tenkja på.

Dagen vart avslutta med føredragshaldar og ungdomsarbeidar Marco Elsafadi. Han snakka om relasjonar og kor viktig det er at vaksne definerer miljøet rundt ungdom. – Relasjonar er smittsame. Me må snakka med, og ikkje om, kvarandre.

Han peika på tre viktige relasjonskanalar:

  1. Ungdom lyttar betre til vaksne dei likar.
  2. Du kan og bør stilla krav – men ikkje høgare enn det relasjonen tillet.
  3. Me kan ikkje forandra andre, men me kan endra vår eigen haldning til andre.

– Du og dine arbeidskollegaer har ansvar for eit godt arbeidsmiljø. På denne måten kan du faktisk hjelpa alle dei elevane du sjølv ikkje møter den dagen. For det du seier og gjer kan ha stor effekt, poengterte Elsafadi.

Han minna om at tillit er limet i alle relasjonar. - Har de tillit, glede og humor, takhøgde og ein klønekonto som tillet kvarandre å bomma, så skapar de trygge miljø. Me må òg våga å gjere ting litt enklare. De er dei største kvardagsheltane – så sørg for å vere den beste versjonen av deg sjølv. Me har verdas viktigaste jobb, så me bør kjenna på yrkesstoltheita vår. For det er definitivt ikkje pengane som driv oss.

Må byrja med oss sjølve

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Torunn Laurhammer, takka for ein særs vellukka planleggingsdag.

– Me må byrja med oss sjølve. Bli litt flinkare til å sjå og høyra, og ikkje minst vere tydelege på kva som er ok og ikkje. Born får med seg langt meir enn me trur – og om me ikkje seier noko, så godtek me det.

Ho oppmoda til å bruke ungdomsrådet aktivt i det vidare arbeidet. – Ungdomane ynskjer tydelege rammer, så det må me gje dei.

Ein av kommentarane etter samlinga i kulturhuset oppsummerte det heile godt – Den beste planleggingsdagen nokonsinne.