Bømlo demenskor øver i Bømlo kulturhus.
Simon Knutson Sortland
Pårørandeskulen er eit kurstilbod der du får auka kunnskap om demens gjennom faglege føredrag og samtalar i gruppe. Tilbodet gir også høve til å møte andre pårørande og dele erfaringar i trygge rammer. Kurset går over fire samlingar à tre timar, og har teieplikt for deltakarane.
Samlingane er i Psykisk helsebygget, Bøtun 3 og prisen er 100 kroner per deltakar. Kvar samling er frå klokka 18.00–21.00 på datoane 3. og 17. februar, 3. og 17. mars
Påmeldingsfristen er 26. januar 2026.
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med:
Demenskoordinator Anna Iren Stavland
Tlf: 482 90 113 eller e-post: anna.iren.stavland@bomlo.kommune.no