Pårørandeskule demens

Bømlo kommune, i samarbeid med Bømlo demensforening, arrangerer pårørandeskule for deg som har ein familiemedlem eller ven med demens over fire samlingar i februar og mars.

Pårørandeskule demens 2026.

Pårørandeskulen er eit kurstilbod der du får auka kunnskap om demens gjennom faglegeføredrag og samtalar i gruppe. Tilbodet gir også høve til å møte andre pårørande og deleerfaringar i trygge rammer. Kurset går over fire samlingar à tre timar, og har teieplikt for deltakarane.

Samlingane er i Psykisk helsebygget, Bøtun 3 og prisen er 100 kroner per deltakar. Kurset går over fire samlingar på datoane 3. og 17. februar, 3. og 17. mars. Kvar samling er frå klokka 18.00–21.00.

Påmeldingsfristen er 26. januar 2026.

For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med:
Demenskoordinator Anna Iren Stavland
Tlf: 482 90 113 eller e-post: anna.iren.stavland@bomlo.kommune.no

På døra veke 26.1-1-2.2026 (PDF, 4 MB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bilete

Om prosjektet På døra

Tema i veke 5 er i informasjonsskrivet På døra er pårørande skule demens 2026. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.