Planlegg for gode stunder

Nokre av dei finaste stundene i livet er planlagde. Har du tenkt på korleis du ønskjer at livet ditt som pensjonist skal sjå ut? Kvar og korleis ønskjer du å bu, og kva vil du fylle tida di med? 

Eit godt liv heile livet handlar ofte om å halde fram med mykje av det du trivst med i dag. Du må berre planlegge litt. Derfor har me utvikla nettsida planleggelitt.no, full av inspirasjon og gode tips til kva du bør tenkje over, planlegge for og gle deg til når du nærmar deg pensjonsalderen – eller kanskje allereie er der.

Her er nokon ting det er verd å reflektera over:

  • Har du familie og nære venner inærleiken der du bur no, eller ønskjerdu å flytte nærare dei?
  • Kjenner du deg trygg der du bur, medgode naboar og nærmiljø du trivst i?
  • Kva gir deg glede i kvardagen?
     

Besøk planleggelitt.no for meir inspirasjon

På døra veke 9 - gode stunder (PDF, 2 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 9 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er planlegging for gode stunder. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS held Bømlo kommune fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor fram til medio juni i år. Me testar ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.