ROBEK, mandat, emisjon og legevikarar på dagsorden

Årets andre politiske møteveke er unnagjort. På dagsorden stod mellom anna Bømlo kommune sin staus vedrørande ROBEk-lista, mandat for å jobba med bustadstruktur og samhandling i Habiliteringstenesta,  ein mogleg emisjon og endring av eigarstruktur i Hovlandshagen Utvikling AS og status for legetenesta i kommunen.

to damer orientere foran storskjerm og møtedeltakarar - Klikk for stort bileteVerksemdsleiar Monica Tofte Amundsen (t.v) og fagansvarleg lege Kristine Borgemyr orienterer i utval for levekår. Simon Knutsson Sortland

I kommunedirektøren si orientering til formannskapet og utvala går det fram at Bømlo kommune, så sant ikkje Statsforvaltaren finn noko å setja fingeren på, unngår å hamna på ROBEK-lista. 

- I samband med sluttføring av rekneskapen og retting av inntekter, ender resultatet på 24,5 millionar kroner i underskot. Samla meirforbruk siste to år er 36,7 millionar, som utgjer 2,87% av driftsinntektene. Det blir ikkje ROBEK-registrering grunna akkumulasjonsbestemmelsen, opplyser kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. 

Endringa frå 28-29 millionar til 24,5 millionar skuldast hovudsakleg feil i SIKRI-systemet og føring av byggelånsrenter som investering i brannstasjonen. Dette reduserer drifta for 2024 med ca. 2 millionar kroner, medan prosjektkostnaden aukar med ca. 2 millionar. Rekneskapen blir sendt til revisjon, kontrollutvalet og Statsforvaltar, som vil gi tilbakemelding på budsjett og økonomiplan vedtatt av kommunestyret 9. desember.

Politisk forankring for endringar

Utval for levekår vedtok samrøystes kommunedirektøren sitt framlegg til Mandat 22 i Handlingsplanen for Helse, sosial og omsorg som går på bustadstruktur og samhandling i Habiliteringstenesta.  Dette gjeld mellom anna å «vurdera noverande bygningsmasse for behov for nye avlastningsbustader, treningsleilighetar og utleigebustader». Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal peikar på at det omfattande arbeidet ein står føre vil famna om tenester i barne- og familietenesta, habiliteringstesta, miljøtenesta i psykisk helse og rus samt tenestekontoret. Mellesdal framheva at detter så omfattande at det krev ei god politisk forankring. Handlingsplanen omfattar ei rekke tiltak som set retning for utviklingstiltak i tenesta. Bakgrunnen er at ein må gjennomføre endringar for å møte ei framtid med stramare økonomiske rammer, samt mindre tilgang til arbeidskraft. 

Verksemdsleiar for legetenesta Monica Tofte Amundsen og fagansvarleg lege Kristine Borgemyr orienterte om statusen for legesituasjonen i Bømlo og det nye legekontoret Øyane Helsehamn. Utvalet vart orientert om status i legetenesta, oppgåver, overgang til nytt legekontor og utfordringar knytt til rekruttering. Eit resultat av arbeidet har blant anna vore å slå saman legekontor i sentrum, legga hovudansvaret for opplæring til ein fast lege og vidareføre legedag for pasientar utan fastlege. Både tilsette og pasientar kjem med positive tilbakemeldingar om god atmosfære i dei nye lokala. Fleire legar ynskjer i dag å vera kommunalt tilsette samanlikna med tidelegare då fleirtalet var privat praktiserande legar. Fokuset no er å behalda tilsette legar, samstundes som ein jobbar for rekruttering av nye. Slik vil ein vil prøva å avgrensa innleige av dyre vikarlegar gjennom byrå så langt det lar seg gjere. 

SFO og skulekrinsgrenser

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torun Laurhammer orienterte om ny forskrift for skulefritidsordninga i Bømlo kommune. Denne forskrifta vert lagt ut på høyring på Bømlo kommune sine nettsider og kjem deretter til politisk handsaming. Det blir gjort endringar i tilbodet i stor grad med bakgrunn i avgrensa økonomiske rammer samt utviding av SFO tilbod for 1. - 3. trinn med gratis kjernetid for alle. 

Laurhammer orienterte også om endring av skulekrinsgrenser som skal ut på høyring. Sist dette var endra var i 2016. No må skulekrinsgrensa for Svortland endrast som følge av at Folderøy skule frå hausten 2025 vert flytta til Svortland skule. I tillegg vert det vurdert justeringar av krinsgrenser for Meling skule og Våge skule frå hausten 2026. For Meling skule blir det føreslege endringar sidan denne skulen er full og det er fleire større byggefelt under utvikling i skulekrinsen. Svortland skule har ledig kapasitet. For Våge skulekrins er det ei bygd som har kortare skuleveg til Gilje skule, Stautland, og ein kan vurdera om dei framleis skal vera regulert til Våge skule eller til Gilje skule som i avstand er nærare.

Interpellasjonen frå VIPartiet ved Jan Atle Haugland om gratis skuleskyss til Rubbestadneset skule for born frå Innværvart avvist av utvalet. Grunnlaget er at det er Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune som administrativt handsamar alle elevar sin skuleveg og skyss individuelt.  

Hovlandshagen og Bømlopakke

Formannskapet tok til vitande ein mogleg emisjon og endring av eigarstruktur i Hovlandshagen Utvikling AS for å styrke selskapet sin finansielle løfteevne. Det blir tilrådd at likviditeten blir tilført gjennom ein emisjon der lokalt næringsliv, saman med Bømlo kommune og Karmsund Havn IKS, kjem inn på eigarsida for å bidra til både økonomisk og strategisk utvikling av selskapet. Dersom drøftingane mellom selskapet og lokalt næringsliv fører fram, vil kommunestyret få til handsaming ei skisse til emisjon og eventuell aksept av denne.

Ordførar Morten Helland hadde også ei orientering til formannskapet. Han kunne opplyse at fylket føreslår ei takstauke rett over indeksjustering for å sikra innteninga i bompengeperioden og at fylket signaliserar at dei vil løysa inn den siste opsjonen i prosjektet som går på siste rest mot krysset på Ekornsæter. Kraftgruppa i Invest in Sunnhordland jobbar godt, og det vert tilsett prosjektleiar i vår. Ordføraren orienterte om ulike bustadkonsept i kommune- og delsentra - både for eldre og andre - som ein har jobba mykje med i den seinare tid, både på Moster og Langevåg. 

Politirådet sitt møte tok opp nasjonale trusselvurderingar og lokale trendar i kriminalitetsbildet. Det syner at noko flerie unge driv både med rus, hærverk og delvis vinningskriminalitet. Dei samtala om korleis kan me samhandla både med våre tenester, politiet og anna førebyggjande arbeid for å møte dette? Personellmessig så sluttar politikontakt Nils Blikra 1. april og stasjonssjef Odd Harald Hovland er tilbake som stasjonssjef frå hausten av.

Bømlo kommune er saman med åtte andre kommunar med i eit prosjekt frå KS/Statsforvaltaren i Vestland i for berekraftig omstilling i kommunesektoren - Læringsnettverk for berekraftig omstilling. Administrasjonsutvalet (formannskap + tillitsvalde for dei 3 største organisasjonane og hovedverneombod) vil bli nytta til arbeid med dette hos oss. Dei hadde sitt første møte i forkant av dagens formannskapsmøte.

Møteinnkallingar og protokollar

Møteinnkalling og protokoll formannskapet 20.02.2025

Møteinnkalling og protokoll Utval for levekår 18.02.2025

Møteinnkalling og protokoll Utval areal og samferdsel 19.02.2025

Møteinnkalling og protokoll Naturbruksutvalet 20.02.2025

Møteinnkalling og protokoll Ungdomsrådet 17.02.2025

møtedeltakarar samla rundt stort bord - Klikk for stort bileteAdministrasjonsutvalet i Bømlo kommune 2025. Simon Knutsson Sortland