Rubbestadneset skule feirar 40 år

Denne veka feirar Rubbestadneset skule at det er 40 år sidan skulen i Ramskleiva 49 blei teke i bruk.

jubileumsplakat barneteikning - Klikk for stort bileteJubileumsplakat Rubbestadneset skule 40 år. Jubileumsplakat Rubbestadneset skule

Jubiléet vart markert med Open dag måndag og jubileumsforestilling ved elevane i Rubbhallen torsdag 27.  mars. Her blir det døme på hendingar m.m. gjennom dei 40 åra. Det blir både song, dans og skodespel. Dette er arrangement som er ope for publikum.

- Me er stolte over skulen vår og gler oss til å feire saman med bygda, inviterer rektor Tone Baugstø.