Servicevertane verd si vekt i gull

– Det betyr noko å koma på jobb og vita at det betyr noko for andre, seier Laila Bø.

to kvinner med helseuniform på kjøken - Klikk for stort bileteBreie smil og topp stemning på kjøkenet i avdeling 2 Nord på Bømlo bu- og helsesenter der servicevertane Hildegard Halleraker (t.v) og Laila Bø er deltakarar i TØRN-prosjektet. Simon Knutsson Sortland

Ved BBH har dei sidan årsskiftet testa ut ei ny ordning med servicevertar. Tiltaket er ein del av TØRN-prosjektet, og handlar om varig tilrettelagt arbeid for personar som ikkje kan stå i fast arbeid. Nokre av servicevertane jobbar på kjøkenet, medan andre har ansvar for dei tre skyljeromma – med vasking og klargjering av klede.

– For nokon vil dette væra akkurat det dei klarer, har kapasitet og moglegheiter til,  for andre kan dette tilbodet bli eit springbrett vidare. Dei finn ut at dei har kapasitet til å stå i ein ordinær jobb. Me får også inn nokre som finn ut at dei ikkje kan stå i dette grunna helsemessige årsakar. Det er også heilt greitt, understrekar avdelingsleiar Leif Christian Mæland Andersen.

Nybrottsarbeid

– Her legg me til rette for arbeidstakarar om det er nokre timar i veka, halve dagar eller fleksitid. Det er viktig å tenkja litt utanfor boksen for å få ting til. Me prøvar å finna ordningar tilpassa den einskilde og er veldig fleksible, og du har ingenting å tapa ved å ta kontakt og eventuelt prøva ut om dette er noko for deg. Kanskje er det nettopp det, og om ikkje er det også heilt greitt. Me driv med nybrottsarbeid, så mykje må me finne ut av og løyse etter kvart som saker og ting dukkar opp.

Andersen legg til at dei har eit godt samarbeid med NAV for å finna og leggje til rette for aktuelle kandidatar. Det er eit klart ynskje å halda fram med dette.

- Grip sjansen

kvinne i uniform og svarte briller ved kaffitraktar - Klikk for stort bileteHildegard Halleraker søkte nye utfordringar i arbeidslivet og stortrivest som servicevert ved Bømlo bu- og helsesenter. Simon Knutsson Sortland

For andre er dette det dei maktar å få til, og det er heilt fint. Laila Bø har lang erfaring med ulike arbeidsordningar.

– Eg har tidlegare prøvd alt mogleg. Det som før heitte Arbeid for tryggd, eg var på Varhaug og eg hadde ei halv stilling i Industrien som me kalla det før det vart Viergo. Det klarte eg å stå i i mange år, og det var ein heilt fantastisk arbeidsplass. Så gjekk det nokre år utan arbeid, før nokre tilsette på BBH som masa på meg om at eg måtte kontakta BBH og prøva ut dette nye tilbodet. Det gjorde eg, noko eg er veldig glad for no. Her er det stort sett kjøkenarbeid med matlaging og rydding, og ikkje minst snakka med bebuarane her. Eg stortrivst å snakka med eldre folk og få høyra deira historier. Så dette er veldig kjekt.

Ho er tydeleg på at det er verdt å ta sjansen. – Du tapar ingenting på å prøve dette. Det er så lett for å berre bli sitjande heime. Du må berre våga å prøva. Du har ingenting å tapa.

Hildegard Halleraker, utdanna vernepleiar, har også funne sin plass som servicevert. – Eg har i alle år jobba i systemet og kjenner systemet knallgodt. No er eg praktisk blind, og synest det er kjempeflott at dei vågar å satsa på meg. Sjølv om eg klarar det meste, treng eg litt spesiell tilrettelegging på enkelte ting. Fellesskapet du får ved å gå på jobb er utruleg viktig for meg.

Ho understrekar kor viktig det er å ha ein jobb å gå til. – Ein vert enkelt satt litt på utsida i sosiale settingar der alle snakkar om jobben. Dette er ein flott arbeidsplass. Å få bidra betyr noko, det gir både meistringskjensle og ei god sjølvkjensle. Det er så lett å falle utanfor det sosiale i dag, så dette er viktig, understrekar Hildegard.

Difor rosar ho også avdelingsleiaren for å vere så positive og løysingsorientert. 

Frigjer helsekapasitet

Servicevertane bidreg også til at helsepersonellet får meir tid til det dei er utdanna for.

– No slepp dei å ha dårleg samvit for at dei ikkje har nok tid til å prata med bebuarane. Dette trur eg også bidreg til å halda sjukefråveret nede, seier avdelingsleiaren.

– Ja, helsepersonellet fyk rundt her og spring vitet av seg. Så då er det kjekt at me servicevertar kan avlasta dei på dagtid og kanskje letta litt på deira dårlege samvit, legg Hildegard til.

– No er kjøkenet ein heildagsjobb det og, og det var ei av mange oppgåver helsepersonellet måtte ta. No frigjer me sjukepleiarar og hjelpepleiarar frå dette slik at dei kan konsentrere seg om å utøva sin helsefaglege kompetanse, seier Andersen.

– Servicevertane våre er gull verdt, dei er heilt fantastiske, skryt helsefagarbeidar Frøydis Amanda Ervik. Me får no meir tid til stell og helsefaglege oppgåver og slepp stresset med å laga frukost i tillegg. Dei utgjer ein stor skilnad.

to sjukepleiarar klar med matservering - Klikk for stort bileteÅ servere måltider på BBH er noko sjukepleiarane no ynskjer ein servicevert kan gjere i framtida. God stemning på avdeling Nord når helsefagarbeider Marlen Vorland (t.v) og Anja Nilsson byr på kaker og kaffi. Simon Knutsson Sortland

Auka trivsel for alle

– No er eg jo van med å organisere og styre alt, og sagt til dei andre at dei rotar for mykje. Så eg har faktisk bedt dei andre om å bere over med meg, ler Hildegard.

Ho forklarar at jobben deira er å laga til frukost slik at det ser litt delikat ut for bebuarane. Dei kokar kaffi, serverer og ryddar slik at det ser fint ut etter oss når me går frå jobb. - Ikkje minst viktig er det at me er sosiale med bebuarane og bidreg til auka trivsel, understrekar Hildegard.

– Når Hildegard er på jobb er alt på stell. Ho veit tilmed kva eg likar på skiva. Ho har stålkontroll og det kjennest trygt og godt, rosar ein av bebuarane.

– Det er veldig godt å høyra, svarar Hildegard. Det betyr noko å koma til ein jobb der folk møter deg med eit god morgon og eit smil. No har eg snart vore her eit år, og det er veldig kjekt. Det tok litt tid før eg våga å gå for dette, men eg stortrivest og tek tinga som dei kjem.

– Me har opplevd ein del positive effektar allereie i form av auka bemanning på ettermiddag og fått signal på at det har ein positiv effekt på både trivsel og sjukefråveret, seier Andersen.

Fakta om TØRN-prosjektet

mann orienterer ved storskjerm føre forsamling i møterom - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar Leif Christian Andersen ved BBH orienterer utval for levekår om TØRN-prosjektet i KS om korleis jobba med effektiv oppgåvedeling og fulltidsproblematikken i helsesektoren. Simon Knutsson Sortland

TØRN er eit nasjonalt utviklingsprogram som skal bidra til betre organisering og oppgåvedeling i helse- og omsorgstenestene. Programmet er eigd av KS og finansiert gjennom Helsedirektoratet og Kompetanseløft 2025.

Kvifor TØRN?

Kommunane står overfor store utfordringar med å rekruttera og behalda helsepersonell, samtidig som behovet for tenester aukar. TØRN skal bidra til meir berekraftige tenester gjennom nytenking og lokal tilpassing.

Kva handlar det om?

  • Ny oppgåvedeling mellom yrkesgrupper
  • Større stillingar og meir heiltid
  • Bruk av velferdsteknologi
  • Fleksible arbeidstidsordningar som årsturnus og langvakter
  • Servicefunksjonar som avlastar helsepersonell

Kven er med?

Over 100 kommunar deltek i TØRN. Bømlo kommune er ein av dei, og har mellom anna prøvd ut servicevertar ved BBH som ein del av prosjektet.

Kva er målet?

Å frigjera tid for helsepersonell, auka trivsel og meistring for arbeidstakarar, og skapa betre tenester for brukarar og bebuarar.

Korleis skjer det?

Kommunane deltek i læringsnettverk, får rettleiing og deler erfaringar. Lokalt blir det gjennomført tiltak som er tilpassa kvar kommune og tenestestad.