Elevane Frøya Beddig Kruse, Evens Østli Funderund, Kristoffer Mathiassen og Andreas Alvsvåg Undheim frå Gilje skule er kommunevinnarane i SMARTere teknologi (Ungt Entrepenørskap) 2025. Her saman med jurymedlemmane kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer, leiar for opplæringskontoret Arnhild Tveita Larsen og Håkon Tulloch frå Smart Automation. Til høgre Ingrid Kristoffersen, fagansvarleg for grunnskulen i Vestland fylkeskommune.
Simon Knutsson Sortland
Måndag var det kommunekåring i SMARTere teknologi (Ungt Entrepenørskap) i kommunestyresalen. SMARTere teknologi er eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 6. trinn, kor elevane skal bruka sin kreativitet og kunnskap til å løysa reelle problemstillingar i samfunnet. Elevane jobbar i grupper i to skuledagar og kvar gruppe presenterer løysinga si for ein skulejury. Gruppa som vinn går vidare til kommunekåringa. Målet med SMARTere teknologi er auka meistring og sjølvtillit, og å gi elevane tru på at dei kan skapa endring som har verdi for andre. Teknologi er middelet, men målet er gode og berekraftige samfunn å leva i.
- Elevane brukte tilmed fridagen sin til å jobba med prosjektet, kunne ein stolt rektor Maryann Steinsbø opplysa under fotoseansen. Ingrid Kristoffersen, fagansvarleg for grunnskulen i Vestland fylkeskommune var imponert. No får elevane litt ekstra arbeid med å laga ein videopresentasjon av prosjektet sitt, og me vil få laga ein samlevideo av fylkesvinnarane - ein kåringsvideo og der me presenterer vinnaren 13. mai, opplyser Kristoffersen.
Redningsskøyta var tema for Gilje skule med fokus på grøn energi. Her var både vindmøller og solceller og bølgjekraft for å driva turbinar, alt optimalisert ved hjelp av kunstig intelligens (KI). Dei hadde tilmed ein KI-styrt ROV (robot) som kunne reinska skroget for groe ved behov for å optimalisera framdrifta og unngå dokking. Samarbeidet i gruppa var veldig godt, og dette scora dei høgt på. Gilje er kommunevinnaren 2025 i SMARTere teknologi (Ungt Entrepenørskap).
Moster skule kapra 2. plassen med sitt fokus på mellom anna mindre søppel i havet, bølgjekraft, sensorar i skroget og ein knapp for å utløysa livbåtane.
Imponert jury
Elevane på Bømlo sine presentasjonar vart vurderte av Håkon Tulloch frå Smart Automation, leiar for opplæringskontoret Arnhild Tveita Larsen og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.
- Det var imponerande å sjå korleis dei hadde løyst oppgåva, og det var vanskeleg å kåra vinnaren som vart Gilje skule, fortel Laurhammer.
- Ja, alle gruppene hadde eigne idear og var flinke til å tenkja utanfor boksen. Det er mykje å tenkja på både med omsyn til teknikk, tryggleik og miljø. Nokre idear kan utviklast vidare, nokre er realiserbare i dag, kanskje nokon i framtida og andre kanskje ikkje i det heile teke, forklarte Håkon Tulloch frå Smart Automation.