Bømlo kulturhus sett frå Storavatnet.
Geir Einarsen
Kommunalt føretak
Bømlo kulturhus har organisasjonsforma kommunalt føretak (KF). Kommunalt føretak er ein organisasjonsform som er ein del av kommunen som juridisk eining, men som har eige styre og dagleg leiar, og større handlingsfriheit til å organisera drifta. Det er ikkje eit sjølvstendig rettssubjekt slik som aksjeselskap, men kommunen står juridisk og økonomisk ansvarleg for føretaket.
Kulturhuset vårt
Kulturhuset vårt rommar mykje. For nokon er kulturhuset ein arbeidsplass. For nokon er dette ein stad der ein kan læra å meistre eit instrument eller ei kunstform. For nokon er det ein stad ein søkjer rekreasjon gjennom kulturopplevingar eller ei god bok. For nokon er kulturhuset eit pusterom. Det er ein plass med levande dugnadsånd. Kulturhuset er ein møteplass. Ein stad der ein kan søkja kunnskap. Ein arena for både samhald og debatt.
Styrearbeid
Valnemnda søkjer etter engasjerte med interesse for å utvikla kulturhuset vårt vidare gjennom styrearbeid. Kulturhuset står i ein krevjande økonomisk situasjon, og det kan bli aktuelt å sjå på organisasjonsforma.
Vervet har godtgjersle.
Vil du vera med å tryggja og vidareutvikla kulturhuset, og har kompetanse som kan koma godt med – så oppfordrar me deg til å ta kontakt med:
Ragnfrid Sønstabø - mobil 991 0 0645 -leiar av valnemnda
Sonja Hellen Sele - mobil 932 63 698 - leiar styret Bømlo kulturhus