Spennande skulestart på Moster

Smånervøst trippande, forsiktig utstrakt hand og med “dinosaurar i magen” vart dei 18 nye førsteklassingane ynskt velkomen inn i klasserommet av rektor Joakim Lund og lærar Doris Grindheim Gausel måndag.

dame med bøker foran disk - Klikk for stort bileteBibliotekansvarleg Ann Iren S. Dahl på Moster skule er særs nøgd med å få samla biblioteket i sitt tiltenkte rom og med stor flott uteplass der elevane kan låne hengekøye for å få lesa i fred og ro. Simon Knutsson Sortland

- Dette kjennest kanskje litt skummelt for dåke, når de no er ferdig i barnehagen og klar for skulestart, opna rektor Joakim Lund frå amfiet dert han ynskte dei 18 førsteklassingane velkomen til skuleåret 2025/2026. Men dette vil gå veldig bra. Her vil de trivast og få strålande lærarar, få nye vener og læra å både lesa og skriva. Eg er veldig glad for å ta i mot dykk alle saman, dette er faktisk favorittoppgåva mi som rektor,  sa Lund før han handhelsa på kvar elev og foreldra der dei steig inn i klasserommet.

Han minna dei også på å passa godt på kvarandre, og at dei seinare i dag skulle få møta dei kjekke fadrane sine frå 6. klassen. 

- Eg gler meg, særleg kjekt trur eg skriving og fargelegging vert kjekt, seier Dobrunka Belic. 

“Nytt” bibliotek

Før rektor og lærarane Doris Grindheim Gausel og Ingunn Ersland ynskte sine nye førsteklassingar velkomen, og ordførar Morten Helland fekk også lov å koma med ei lita helsing. Han fortalde om sin første skuledag og når han fulgde sine born til deira første skuledag. Ordføraren var og med å helsa resten av elevane frå 2.-10. trinn velkomen til årets første skuledag. Moster skule har dette skuleåret 280 elevar. Det er 1587 elevar i Bømloskulen i skuleåret 25/26, og av desse byrja 140 i første klasse. Samla elevtal er 47 færre enn ved oppstart førre skuleår. 

- Etter fleire år på tre lokalitetar får me i år endeleg igjen samla biblioteket i eitt rom her slik det var tenkt når skulen vart bygd. Grunna store elevtal vart det brukt til klasserom nokre år, fortel bibliotekansvarleg Ann Iren S. Dahl. No er me med i ei kulturordning slik at me får levert kassar med bøker fleire gongar årleg med ny litteratur, og det vil hjelpa oss å få oipp lesegleda på papir.

Dahl er særs nøgd med det flotte uteområdet og orninga med utlån av hengeløyer slik at elevane kan liggja ute i skogen og lesa. Biblioteket blir mest mogleg skjermfritt, utanom storskjermen dei skal få slik dei mellom anna kan ha di.gitale møter også.

- Biblioteket skal me bruka aktivt til både møterom for elevråd og ulike events som sjakkturneringar og liknande. Dett evert veldig bra, seier ho.