Språkmektige elevar feira Morsmålsdagen

På Svortland skule er det 23 ulike morsmål blant dei 294 elevane og der elevane sjølve og/eller deira foreldre kjem frå 30 ulike land. Fredag 21. februar feira dei den internasjonale Morsmålsdagen i gymsalen.

elevar på scenen med to vaksne på sida - Klikk for stort bileteRektor Kari Østensen og avdelingsleiar Ingerid Mæland Innvær ser på 2B si framføring under Morsmålsdagfeiringa 21. februar. Simon Knutsson Sortland

Rektor Kari Østensen saman med avdelingsleiar Ingerid Mæland Innvær og avdelingsleiar Eli Meling (SFO) på Svortland skule leia programmet som vart delt inn i to bolkar slik at alle elevane skulle få vere med på feiringa. Kursbasen (tidlegare innføringsklassen) hadde laga flott plakat og pynta til festen. Mange av elevane stilte med flagg, sjal, smykker, festdrakter eller anna som er særige for landet dei kjem frå. Mange hadde teikna og fargelagt flagg dei synte fram under førestellinga. Samla sett ein veldig fargerik forsamling.

Kan du verdas lengste ord?

Alle klassane fekk sin tildelte tid i rampelyset på scena. Dei helsa, talde og kom med korte utrykk på sine morsmål. Mikrofonen var reine stafettpinnen - men det funka bra. Andre klassesteg framførte tilmed ein song. Etter alle klassane hadde fått gjennomført si “språkøkt” på scena, var Meling quizmaster. Ho spurde om alle moglege og umoglege spørsmål om språk. Kva språk har det lengste alfabetet? (Svar: khmer med 74 bokstavar) Kva har flest ord? (Svar: engelsk) Kor mange språk finst det i verden? (Svar: ca. 7000). Kan de gjette kva som er verdas lengste ord?

Meling svara sjølv. - De klarar det aldri! Det er engelsk og er det kjemiske navnet for proteinet titin. Det har heile 189 819 bokstavar og tek tre og ein halv time berre å seie dette ordet, sa Meling til dei forbløffa tilhøyrarane.

Avslutningsvis stemte alle i felleskoret med “Vi songen”.

- Norsk er passe vanskeleg

Etter samlinga i gymsalen var det fire elevar som delte litt av sine opplevingar. - Veit du, Eritrea har ni ulike språk, kunne Dliet Tesfu i 4B fortelja. Eg synest det var kjekt å sjå på dei andre framføra songar på scena. Dliet stilte i ei kvit skjorte med flotte broderingar på som er ei festskjorte i Eritrea som vert nytta mellom anna når dei går i kyrkja eller feirar jul. Dliet er tospråkleg med tigrinja og norsk. Eg er født i Norge, men snakkar flytande tigrinja, fortel fjerdeklassingen.

- Det var gøy. Eg likte best når me skulle gå ut då eg såg alle. Litt rart at det berre er eg som har bunad på, meinte Mathea Falk frå same klasse. Ho hadde rogalandssjal til bunaden. Eg skal ha fin bunad til konfirmasjonen, opplyser ho.

-  Den er fin, kommenterer klasseveninna Nusara Rukkusol frå Thailand. Ho kom til skulen i fjor, men er allereie i god gang med å lære seg norsk. Eg likar språk, fortel ho.

Kateryna Ravliuk frå Kherson i Ukraina kom til Norge før jul i 2023,  og byrja på Svortland skule i 6B dette skuleåret. Ho har på seg ein flott nasjonaldrakt drå byen sin. Dei har ulike festdraktar i ulike område på same måte som norske bunadar. Kateryna likte også veldig godt samlinga i gymsalen.

- Eg lære meg norsk ved å læra orda og snakka mykje. Norsk er litt som engelsk, det er passe vanskeleg, meiner sjetteklassingen.

Fint kledd i palestinsk drakt er også lærar Reham Alhendi ved Kursbasen. Ho har jobba omlag åtte år ved Svortland skule, og er no lærar ved kursbasen og i 1. og 2. klasse. Ho fortel at kursbasen har vore med i planlegginga og fått laga plakatane. Elevane i alle klassane fekk også førebu seg ved å laga til flagg.

-  Det var veldig kjekt, og ikkje minst viktig, å feira morsmålsdagen. Dette viste fram alle ressursane og dei sterke sidene ved elevane våre. Det er ei stor styrke å vere tospråkleg. Det fine er at me vert bevisstgjort det store mangfaldet ved skulen vår, understrekar Reham. Ho vart sjølv overraska over det høge talet nasjonalitetar som er representert ved Svortland skule.

Den internasjonale morsmålsdagen

FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) markerer den internasjonale dagen for morsmål 21. februar for å fremje verdas språklege og kulturelle mangfald.

Språk er viktig for identitet. Utdanning på eige morsmål er naudsynt for kvalitet i utdanning. Minst 43 prosent av alle verdas språk står i fare for å forsvinne dersom ein ikkje arbeider aktivt for å behalde dei. Morsmålsdagen er med på å setje søkelys på dette.