Styreleiar Arild Steinsland orienterte formannskapet om stoda og strategiar til Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS under eigarskapsmøtet på teams saman med Vestland fylkeskommune.
Simon Knutsson Sortland
Kommunedirektøren si innstilling gjekk på å jamstelle lærlingane med andre kvalifiserte søkjarar utan å gi dei ein garanti om fast stilling. Grunngjevinga er at offentleg utlysing sikrar at dei best kvalifiserte vert tilsett, uavhengig om dei har vore lærlingar. Dette fremjar brei rekruttering, reell konkurranse og kvalitet i tenestene.
Arbeidarpartiet ved Mari Pedersen Totland fremja eit motforslag der garanti vert gitt til lærlingar i helse- og omsorgssektoren. Ein garanti om fast stilling etter endt læretid vil hjelpei rekrutteringsarbeidet for å møta det store og aukande behovet for å rekruttere personell til denne sektoren i framtida. Det vil og vere eit viktig signal til våre ungdomar. Det er gode søkjartal til lærlingestillingar i kommunen vår. Ap sitt framlegg vart vedteke med 5 mot 4 røyster og er dermed innstillinga til kommunestyret som avgjer saka 28. april.
Må betra innbyggjardialogen
Bømlo kommune flytta Kundetorget frå Rådhuset og ned til Bømlo folkebibliotek før jul under namnet Innbyggjartorg. Mellom anna av ressursmessige årsaker og at digitaliseringa med chatboten Kommune Kari og avtaletinging er tilgjengeleg for publikum 24/7. Etter Datatilsynet oppmoda alle offentlege instansar å gjere eigne risiko- og sårbarhetsanalyser med omsyn til personvern har Bømlo kommune sidan 2023 hatt avgrensa kommentarfelt på hovudsida vår på Facebook.
Spørsmåla formannskapsmedlemene stiller er om nettsidene til kommunen gir god nok informasjon, korleis bør kommunen vere tilstades på sosiale media og om flyttinga av Innbyggjartorget til biblioteket er ei god løysing.
- Kor tilgjengelege er kommunen for dialog med innbyggjarane våre. Er det for mykje informasjon ut og for lite som kjem inn? Kanskje bør me skapa fleire fysiske møteplassar, og me bør ikkje fjerna oss heilt frå sosiale medier, meiner ordførar Morten Helland.
Innspel kommunedirektøren må ta med seg vidare frå formannskapet er korleis kommunen kan betra publikum sine høve til å kome med innspel, gjere ei evaluering av gevinstane ved flytting av Innbyggjartorget, informere tidlegare om politiske saker, og ha oppdaterte nettsider for å betre kome innbyggjarane sine forventningar i møte.
Revidert Bømlopakke II vert fullført
Ordføraren orienterte om at Vestland fylkeskommune no har utløyst opsjon 1C som sikrar at prosjektet i sin heilskap vert bygd, heile vegen frå Ekornsæter i nord til Våge i sør. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter sa i si orientering at det er kome inn fem tilbydar til ombygging av nytt kjøken på Bømlo bu og helsehus som no skal kvalitetssikrast. Ramma for prosjektet er 17,8 millionar kroner.
Det er også dialog om å leiga det gamle Østensen-bygget for å samla heile Barne-og familietenesta under eitt tak. Tilbod om skulefritidsordninga er ute på høyring, og det ser ut til at med gratis kjernetid og nok søkjarar til morgontilbodet vert dette realisert ved alle aktuelle skular.
Kommuneplanen sin samfunnsdel - KPS 2025-2035 vart utsett etter framlegg frå varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H). Formannskapet vil ha ny runde med gjennomgang av tekst og litt meir konkretiseringar i tråd med tidlegare styringssignal. Formannskapet vedtok samrøystes at saka vert utsett med mål om politisk vedtak før sommarferien 2025.
Positiv trend i sjukefråveret
Kommunedirektøren kom med oppløftande tal om sjukefråveret. I seksjon for oppvekst er det 1% lågare enn februar 2024. Det er ein markant nedgang i sjukefråveret på BBH post 1, avdelinga som dei siste månadane har jobba med TØRN. Sjukefråveret på heile Bømlo Bu- og helsesenter er no på 6,8%, noko me ser som særs positivt. Det er gode søkjartal for stillingar i habiliteringstenesta, men me merkar no større utfordringar ved utlyste sjukepleiarstillingar.
Fast skjenkeløyve til Moster amfi og MS GåPå
Formannskapet var samrøystes om å gi Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS og MS GåPå ved Bømmelfjord AS fast skjenkeløyve. Stavlandskleivane vert nytt vegnamn for vegadresser kobla mot Stavlandsneset og ny veg mot Stavlandskleivane.
Det var også eigarmøter med Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS og Bømlo kommunale Eigedomsselskap AS (BKE), samt møte i valstyret og administrasjonsutvalet denne torsdagen.
Møteinnkalling og protokoll formannskapsmøtet 27.03.2025