Svindlarar kan ringa for å lura deg

Nokon ringer og gir seg ut for å vere frå banken, Økokrim eller politiet. Målet deira er å få deg til å dele sensitiv informasjon som BankID, passord eller kodar. Dersom du gir dei dette, kan dei stela pengane dine.

Pass opp for telefonsvindel.

Ver merksam på:

  • Telefonsamtalar frå personar som seier dei er frå banken, Økokrim eller politiet
  • Ukjende telefonnummer - eller kjende nummer som kan vere forfalska
  • Samtalar der nokon pressar deg til å handle raskt eller prøvar å stresse deg

Slik går svindlarane fram:

Dei seier at det er oppdaga «mistenkjeleg aktivitet» på kontoen eller kortet ditt, eller at kontoen din er sperra. Dei ber om sensitiv informasjon for å «hjelpe deg». Dersom du deler dette, kan dei stela pengane dine.

Slik tryggar du deg mot telefonsvindel:

  1. Legg på! Du har alltid lov til å avbryta samtalen.
  2. Kontakt banken eller politiet på nummeret du finn på deira offisielle nettside.
  3. Hugs: Banken, politiet eller andre seriøse aktørar vil aldri be deg om BankID, passord ellerkodar på telefon.

    Lær deg meir sjølvforsvar mot svindel på www.svindel.no

    Kontaktinformasjon e-post: web@finansnorge.no

    På døra veke 6 - 2.-8. februar (PDF, 2 MB)
     
aktivitetskalender - Klikk for stort bilete

Om prosjektet På døra

Tema i veke 6 i informasjonsskrivet På døra er telefonsvindel. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.