- Ting må vere på stell

Når du kjem inn til Teknisk drift sitt bygg i Hollundsalen, er det første som slår deg at alt er ryddig og reint – både inne og ute. Alt har sin faste plass. Her herskar orden og ro. Dei du møter er hyggelege og imøtekomande.

to menn med blomeranke - Klikk for stort bileteDriftsoperatørane Gudmundur Baldursson og Sigve Røsvik (t.v) i Park, grønt og samferdsle pyntar til 17. mai utanfor rådhuset. Simon Knutsson Sortland

- Kommunale bygg skal vere reine, funksjonelle og tilfredsstilla dagens brukarar sine behov. Det er viktig at tekniske installasjonar som ventilasjonsanlegg og varme fungerar slik at arbeidsmiljø og klima vert best mogleg på alle institusjonar og skular. Me har eit godt samarbeid med rektorane og verksemdsleiarane, og slik får me mest mogleg ut av tiltak med straumsparing og anna, seier verksemdleiar Vardan Vardanyan.

Teknisk drift er ein velfungerande avdeling med om lag 39 årsverk. Dei følgjer eit fastlagd årshjul for oppgåver. Det er snøbrøyting og strøing om vinteren, planting og klipping av grøntområder om våren, grøftereinsk og vegvedlikehald om sommaren og hausten. Ein vekeplan er fullteikna av små og store oppgåver som må gjerast for å halda dei kommunale hjula i sving.

- Våre folk er kreative og nøysame, og me fiksar det meste sjølv. Dette vert stadig vanskelegare i tråd med auka krav frå lovverk og ikkje minst forventningane frå publikum. Me nyttar våre avmålte ressursar godt og brukar difor minimalt med eksterne leverandørar og unngår ekstrakostnadar. Bømlo kjem særs godt ut med omsyn til driftskostnadar samanlikna med våre nabokommunar.

Verksemdleiar Vardanyan meiner folk bør ha respekt for den gode jobben deira driftsoperatørar og reinhaldarar gjer kvar einaste dag. - Dette er fagfolk med yrkesstoltheit. Dei er vår største ressurs, ja, dei er gull verdt, understrekar den blide armenaren.

Pyntar opp

Dette vert veldig fint, seier den blide islendingen Gudmundur Baldursson og kollega Sigve Røsvik. Gartnarane trivest godt med å gjere kommunale blomebed og grøntområde klare for våren. Særleg rett før 17. mai som er eit av årets høgdepunkt.

Dei må både vere kreative og nøysame i trange budsjettider. Det er viktig å velge rette type planter og blomar, mellom anna å ta omsyn til nattefrost. Duoen set si ære i at det skal sjå fint ut i sentrum og dei stadane dei har ansvar for.

Å laga til Sansehagen i Bømlo bu og helsesenter var særleg kjekt, seier Røsvik. Særleg når dei eldre fortel at dei hugsar ringblomster og begonia. Begge to set pris på at deira jobb betyr mykje for mange.

Men dei har eit lite hjartesukk til publikum. Folk må slutta å bruka rommet mellom buskane i blomebeda som snarveg. Det betyr at dei må gjere jobben fleire gongar, og det kostar både ekstra tid og pengar. Driftsoperatørane opplever at folk «trår over dei» medan dei jobbar med å legge bark på blomebeda.

- Me vil jo ikkje ha opp gjerder heller, og det kostar ikkje mange sekundar å gå rundt, poengterar dei.

Gjenbruk av strøsand

Når snøen er vekke, ligg strøsanden att. Eit sikkert vårteikn mange har sett, er kommunen sin lille kvite sopebil med driftsoperatør Terje Nesse bak rattet langs kommunale vegar og parkeringsplassar. Det er driftsoperatørane under leiing av driftsingeniør Stein Erik Lyslo i avdeling Park, grønt og samferdsle som tek jobben med å reinska opp.

- På Plattingen laga me til ein binge av fire steinblokker for strøsand slik at me slepp å frakta alt inn i Hollundsdalen. Det er svært viktig å reinska sanden så den ikkje øydelegg strømaskinen, slik at me får strøsand som me kan bruka opp att. Å ha slike strøsandbinger plassert kringom gjer at me sparar ein del transportutgifter, opplyser Lyslo.

Driftsoperatørane Geir Rune Bjørnberg sit bak spakane i gravemaskinen medan Dag Oddvar Halleraker fraktar sanden vekk med lastebil. Når grovjobben er gjort, kostar dei opp og ryddar til slik at det ser fint ut.

Bjørnberg er ganske ny i jobben, men fortel at han trives veldig godt med kollegaene i Hollundsdalen. Karane fullførte nyleg jobben med å laga til kabelgrøfter til 10 nye ladepunkt for el-bilar på parkeringsplassen ved Bømlo bu og helsesenter.

gravemaskin ryddar sand - Klikk for stort bileteDriftsoperatør Geir Rune Bjørnberg ryddar strøsand ved parkeringsplassen Våge skule. Simon Knutsson Sortland

Fakta om grønt og samferdsel

  • Kommunale vegar/strekningar: 469
  • Total veglengde: 152 809 meter
  • Kommunale bruer: 5 (total lengde: 188 meter)
  • Kaier: 26 (total lengde: 62,9 meter)
  • Netto driftsutgifter per km veg (2023): 136 962 kr
  • Asfaltering og vegmerking 2022–2024: ca. 5,9 mill. kr
     

Typar vegvedlikehald

  • Førebyggjande vedlikehald
  • Asfaltering og rehabilitering
  • Tetting av sprekkar
  • Fjerning av forureining
  • Løpande vedlikehald
  • Reparasjon av hol og sprekkar
  • Fjerning av snø og is
  • Grøfting og drenering
  • Strukturvedlikehald
  • Reparasjon av bruer og andre konstruksjonar
  • Vegetasjonskontroll
  • Kapping av tre og buskar
  • Trafikktryggingstiltak
  • Skilt, vegmerking og belysning

Gir ansvar og tillit

Vardanyan kom til Noreg med familien i 1999 frå Armenia. Han har forutan nokre år hjå Helle AS og Wärtsilä jobba i Bømlo kommune. Han vart verksemdsleiar for teknisk drift i 2014 etter først å jobba nokre år som driftsingeniør.

- Eg driv med flat struktur her. Alle har fått ansvar og tillit. Dei veit kva som er jobben deira. Alle avdelingane fungerar effektivt, seier Vardan. Med seg i leiargruppa har han driftsingeniør veg Stein Erik Lyslo, driftsleiar bygningsvedlikehald Jens Helge Habbestad og leiar for reinhald Elin Kulleseid. 

Det offentlege Noreg har eit stort etterslep på vedlikehald av veg og bygg. Bømlo kommune er likevel betre stilt enn mange andre kommunar – mykje takka vere gjengen i Hollundsdalen. Kvar driftsoperatør og reinhaldar har ansvar for 4-5 bygg. Våre fem driftsoperatørar på veg har ansvar for 153 kilometer veg

- Bømlo kommune har og skal ha høg kvalitet på bygg og utstyr. Alle anlegg må fungera. Då må dette vedlikehaldast, og alt arbeid skal utførast i tråd med gjeldande lovverk, understrekar verksemdsleiaren.

- Me jobbar tett på kommunalt tilsette i bygg med både elevar og brukarar, så eg er glad for at me har fleksible og tilpasninsgdyktige driftsoperatørar, seier driftsleiar Jen Helge Habbestad i bygningsvedlikehald. Det skjer ting heile tida, så det er ikkje mogleg å planleggja alt på førehand. Heldigvis har me eit godt samarbeid med dei som er avhengige av tenestene våre, poengterar Habbestad. 

Dei to største og mest utfordrande bygga med avanserte installasjonar er Bømlo symjehall og Bømlo bu- og helsesenter. Heile underetasjen i symjehallen er eit stort teknisk rom der utstyret skal sørga for mellom anna korrekt temperatur og vasskvalitet. Så her er både kjemikalietankar og datatstyrte målarar som må følgjast med på. I sjukeheimen er det åtte tekniske rom og ni ventilasjonsanlegg, for å syna litt av kompleksiteten.

- Velferdsteknologi er blitt eit stadig viktigare og veksande ansvarsområde i kommunen, fortel driftsoperatør Tor Gunnar Huus. Han installerer, vedlikeheld og demonterar velferdsteknologi i private bustadar. Det er til dømes ulike alarmar og låsar.

mann arbeider med aggregat - Klikk for stort bileteDriftsoperatør gjer vedlikehald på eit aggregat. Bømlo kommune

Fakta om bygningsvedlikehald og reinhald

  • Total bygningsmasse: ca. 62 000 m²
  • Skular: 29 968 m²
  • Helseinstitusjonar: 16 338 m²
  • Administrasjonsbygg: 3 314 m²
  • Idrettsbygg: 5 063 m²
  • Diverse bygg: 1 000 m²
  • Budsjett for vedlikehald 2024: ca. 2 038 500 kr
  • Drift og vedlikehald per m² (2023): 502 kr
  • Energikostnad per m² (2023): 132 kr
  • Reinhaldsutgifter per m² (2023): 97 kr

Digitalisering

mann sit og studerer to pcskjermar - Klikk for stort bileteOrden og digitaliserte rutinar er viktig for effektiv drift og vedlikehald meiner verksemdleiar Vardan Vardanyan i teknisk drift. Simon Knutsson Sortland

Han ser til at alle avdelingar under teknisk drift har oversiktlege vedlikehaldsplanar. Det er viktig med oversikt for at folk skal vita at alt fungerer og er presentabelt, meiner han.

- Til dømes der me skal ha evakueringssenter må alt vere på plass og fungere, som til dømes naudaggregat. Våre vedlikehaldsplanar må vere føreseielege og realistiske i høve budsjett. Dei viktigaste jobbane framover vert å rehabilitera tekniske rom på skulane og i Bømlohallen.

Eit av Vardan sine viktigaste prosjekt er renovering i Bømlo bu og helsesenter med mellom anna nytt kjøken. Det har han vore engasjert i sidan 2017, og gler seg til at dei endeleg kjemi gang over sommaren.

- Eg har eit mål om å få digitalisert alle kommunale FDV-dokument (forvaltning, drift, vedlikehald) for bygg, veg og vedlikehald. Alle dokument skal ein finna på ein plass, slik at etterkomaren min kan halde fram med eit skikkeleg vedlikehald etter eg har pensjonert meg, understrekar verksemdleiar Vardan Vardanyan.

Viktig å ta vare på verdiane

- Teknisk drift gjer ein utruleg viktig jobb, ikkje minst for å ta vare på kommunen sine verdiar og å auka trafikktryggleiken vår, seier Tone Stavland.

Kommunalsjefen for samfunnsutvikling meiner det er viktig å informera publikum om når ting som påverkar dei skal skje. Om det er grøftereinsking, sprøyting av ugras eller generelt vegvedlikehald.

- Me jobbar kvar dag for å bli betre til å informera ved å leggja ut informasjon på nettsidene våre, annonsering i Bømlo-nytt og i møte med folk. Det er vanskeleg å nå alle, og me er klar over at ikkje alle får med seg informasjonen me legg ut på nettsidene. Det er eit ynskje å få på plass eit godt meldingssystem, men dette er også eit økonomisk spørsmål, seier Stavland.