Innspelsmøtet for Ungdata-undersøkinga i 2024.
Simon Knutsson Sortland
Dette skriv leiar Alis Natterøy i Bømlo ungdomsråd i eit lesarinnlegg til Bømlo-nytt. Ho peikar mellom anna på at ungdomstida er ei svært sårbar tid kor eksperimentering og gruppepress står sentralt. Mange unge opplev eit stort press for å passe inn og for nokre blir rusmidlar ein del av denne prosessen.
Vaksne må følgja med
Foreldre spelar ei avgjerande rolle som trygge støttespelarar og gode rollemodellar. Difor er det viktig at dei tek eit tydeleg standpunkt og viser engasjement i ungdommen sitt liv. Mange foreldre er flinke, men likevel ser me ein tendens til at nokre foreldre er litt naive, seier Natterøy.
Ungdomsrådet meiner ikkje at ein ikkje skal stole på ungdommen sin, men samstundes må ein vera bevisst på at ungdom ikkje alltid seier sanninga heime. Vaksne må følgja med og plukke opp signal. Dei unge treng ikkje moralisering eller straff, men å bli møtt med openheit, forståing og trygge rammer. Difor er det avgjerande med vaksne som ser, lyttar og stiller opp.
- Me håpar at foreldre vil vera meir til stades, ikkje berre som sjåførar, men også som trygge samtalepartnarar. Vidare ønsker me å oppfordra alle foreldre på Bømlo til å våga å ta dei vanskelege samtalane og setja tydelege grenser i lag med ungdommen. Det handlar ikkje om mistanke eller kontroll, men om å vera bevisst, engasjert og til stades. Slik kan me saman gjera ein forskjell, understrekar leiaren i Bømlo ungdomsråd.
I lesarbrevet peikar Natterøy også på det faktum at det ikkje lenger er sånn at ungdommen treng å reise til Stord for å få tak i rusmidlar, eller at det nødvendigvis er meir rus på Stord. Det er heller ikkje vanskeleg å få tak i narkotika dersom ein ynskjer og sosiale medium er nok ein stor del av grunnen til det.
Lesarbrev Rusproblematikken i ungdomsmiljøet – eit felles ansvar (PDF, 24 kB)
Startar tidlegare enn før
Ungdomskontaktane Marianne Lidal og Marianne Undheim i Bømlo kommune har sendt ut melding til føresette for elevar på ungdomstrinnet og hadde lesarinnlegg på trykk i Bømlo-nytt. Dei vart oppmoda av kollegaer og føresette til å gå ut med noko av den informasjonen dei får gjennom sitt arbeid til føresette, i håp om å saman kunne snu denne utviklinga.
- Me som ungdomskontaktar i kommunen ser at ungdom som byrjar å utforske rus stadig vert yngre, at rusmidlane vert fleire og meir tilgjengelege enn før. Haldninga til ulovlege rusmiddel har endra seg dramatisk blant ungdomane våre, særskild ift cannabis. Samstundes som rus- og kriminalitetsbiletet på Bømlo har vorte utfordrande, har det vorte færre stillingar i kommunen i førebyggjande arbeid inn mot ungdom og rus. Me er uroa over denne utviklinga, då dette arbeidet er essensielt for å hindre at ungdomar hamnar i rus og kriminalitet, påpeikar ungdomskontaktane Lidal og Undheim.
I lesarbrevet peikar dei på forsking som viser at foreldre har ei avgjerande rolle i å førebyggja rus og kriminalitet blant ungdom. UNG-data undersøkinga viser og at ungdom på Bømlo lyttar til foreldra sine og føl opp dei forventningane som kjem heime frå. Dette kom også tydeleg fram då me som ungdomskontaktar i 2024 snakka med alle 10. klasse elevar på Bømlo om kva val dei trur dei kjem til å ta i høve alkoholdebut, sett opp mot kva dei heime har forventningar om. Det var eit heilt tydeleg skilje i svara elevane gav, alt etter kva dei hadde snakka om heime og kva dei hadde av forventingar frå heimane sine. Føresette som har god dialog med ungdomen sin og set klare grenser, kan førebyggja at ungdomen kjem i uheldige situasjonar.
Dei listar opp følgjande råd:
- Snakk med ungdomen din om korleis hen har det.
- Kven er ungdomen din saman med og kva gjer dei på?
- Kva tenker ungdomen din kring rus?
- Kva val vil din ungdom ta om ein får tilbod om cannabis?
- Kjenner hen på press og korleis er det eventuelt å stå imot?
- Følg med på kva ungdomen din bruker pengar på.
Er du samsnakka med tenåringen? - Av-og-til
Føresette må halde fram med å leggje til rette for at ungdom skal vere saman på gode trygge arenaer på ettermiddagar og i helgene. Det er viktig å inkludere alle, slik at ingen har «henging i sentrum» som fritidsaktivitet. Som rektor på ein av ungdomsskulane i kommunen sa; «tilbakefør felles middag i alle heimar, der ein sit samla rundt bordet og snakkar saman, og inviter andre ungdomar heim!». Foreldrerolla har alltid vore viktig, men no er den viktigare enn nokon gong, understrekar ungdomskontaktane Marianne Lidal og Marianne Undheim i Bømlo kommune.
Til foreldre med ungdomar i Bømlo kommune - melding frå ungdomskontaktane (PDF, 147 kB)